Sjukdom og eksamen

Sjukdom og eksamen

Om du er sjuk og ikkje kan ta eksamen, må tilhøva dokumenterast for at fråværet skal vere gyldig.

Godkjent fråvær vert ikkje rekna som eit forsøk på eksamen. Etter at trekkfristen har passert er dokumentert sjukdom einaste gyldige fravær frå eksamen.

Dokumentasjon frå lege eller spesialist skal sendast til eksamen@nhh.no eller leverast til Servicesenteret, seinast første virkedag etter eksamen. Legeerklæringa skal vere datert før, eller seinast dagen for eksamen. Ho skal vere signert og stempla.

Dersom du vert sjuk under sjølve eksamen må du kontakta ein eksamensvakt for å skriftleg trekkje deg frå eksamen. Du må så straks oppsøkja lege. Reglene er elles lik. Har du levert ein besvarelse vil denne sendast til sensur og sjukefråværet kan ikkje godkjennast.

Med godkjent fråvær kan du ta eksamen på nytt neste gong han gjennomførast. Du kan lese meir om forsøk på eksamen på sida vår om kursgodkjenning og forsøk på eksamen.

Viss eitt akutt sjukehusopphald forhindrar deg frå å overhalda fristen for levering må du levere legeerklæringa så snart du er utskriven. Legeerklæringa skal då innehalda datoane for innlegginga. Har du høve kan du kontakta eksamen@nhh.no.

Les meir i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole, NHH § 4-7 Uteblivelse fra vurdering og avbrudd av vurdering (ekstern kobling) og i Utfyllende bestemmelser 4.7.