Fråvær frå eksamen

Fråvær frå eksamen

Om du vert forhindra frå å møte til ein eksamen, må du dokumentere dette for å få gyldig fråvær. Udokumentert fråvær frå eksamen reknast som eit eksamensforsøk.

Om du ikkje er i stand til å gjennomføre eksamen som følgje av sjukdom, må du sende dokumentasjon til oss seinest ein virkedag etter eksamensdagen.

Dokumentasjonen må innehalde kva emne og eksamensdato fråværet gjeld.

Send inn di fråversmelding

Det er ikkje naudsynt å levere legeerklæring dersom fråværet ikkje råker eksamen.

  • Situasjonar som kan gje gyldeg fråvær

    Situasjonar som kan gje gyldeg fråvær

    Eksempel på situasjonar som kan gje  gyldig fråvær frå eksamen er sjukdom, sjukdom og dødsfall i nær familie, eller krav frå offentlege instansar som hindrar deg i å møte på eksamen.

    Fråvær frå eksamen som følge av sjukdom skal dokumenterast med erklæring frå lege eller spesialist.

    Ver venleg og merk at den einaste godkjende dokumentasjonen til fråvær frå eksamen for ph.d. stipendiatar vil vere ei sjukemelding (ikkje legeerklæring) frå lege eller spesialist. Sjukemeldinga må vere datert enten dagen før eller same dag som dato for eksamen.

  • Avbrutt eksamen

    Avbrutt eksamen

    Om du må avbryte ein heimeeksamen, skal du ikkje levere noko eksamenssvar i WISEflow. Du skal heller ikkje levere blankt. Dokumentasjon på kvifor du måtte avbryte eksamen skal sendast til oss innan ein yrkedag etter eksamensdatoen.

    Om du må avbryte ein skuleeksamen, må du kontakte ei eksamensvakt for å skriftleg trekke deg frå eksamen. Dokumentasjon skal også her sendast til oss innan ein yrkedag etter eksamensdatoen.

    Har du levert eit eksamenssvar, anten det er heimeeksamen eller skuleeksamen, er det ikkje mogeleg å trekkje seg i etterkant. Eksamen vert då sendt til sensur og fråværet kan ikkje godkjennast.

  • Sjukdom og eksamensforsøk

    Sjukdom og eksamensforsøk

    Gyldig fråvær vert ikkje rekna som eit forsøk på eksamen. 

    Ved gyldig fråvær kan du ta eksamen på nytt neste gong den vert tilbydd. Du kan lese meir om eksamensforsøk på våre nettsider om kursgodkjenning og forsøk på eksamen

    Etter at trekkfristen har passert er dokumentert fråvær frå eksamen einaste måte å ikkje bruke eit eksamensforsøk på.

  • Sjukehusinnleggelse

    Sjukehusinnleggelse

    Dersom eit akutt sjukehusopphald hindrar deg i å overhalda fristen for levering av legeerklæring, må du levere denne så snart du er utskriven. Legeerklæringa skal då innehalda datoane for innlegginga. Har du høve kan du kontakta eksamen@nhh.no.

  • Fråvær frå obligatorisk aktivitet?

    Fråvær frå obligatorisk aktivitet?

    Dersom fråværet ditt gjeld obligatorisk undervisningsaktivitet, må du ta kontakt med emneansvarleg. Du skal ikkje nytte fråværsmeldingsskjema når fråværet gjeld obligatorisk aktivitet.

  • Intern overgang påfølgjande semester

    Intern overgang påfølgjande semester

    Dersom du har søkt intern overgang til master og blir sjuk på eksamen, kan du i særlege tilfelle søke seksjon for opptak om overgang til master utan fullført bachelorgrad. Ver klar over at praksisen er streng for å få dette innvilga. Sjå her for informasjon om korleis du søker.

Les meir i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole, NHH § 4-7 Uteblivelse fra vurdering og avbrudd av vurdering (ekstern kobling) og i Utfyllende bestemmelser 4.7