Fråvær frå eksamen

Fråvær frå eksamen

Dersom du blir hindra frå å møte til eksamen, må du dokumentere dette for at fråværet skal vere gyldig. Udokumentert fråvær vert rekna som eit nytta eksamensforsøk.

Når må dokumetnasjon sendast?

Dokumentasjon må sendast inn seinast ein yrkedag etter eksamensdatoen dersom fråværet skuldast sjukdom eller andre godkjende grunnar.

Dokumentasjonen må innehalde:

  • Namn på emnet
  • Dato for eksamen

Send inn di fråversmelding

Det er ikkje naudsynt å levere legeerklæring dersom fråværet ikkje råker eksamen.

  • Situasjonar som kan gje gyldeg fråvær

    Situasjonar som kan gje gyldeg fråvær

    Døme på situasjoner der fråværet kan godkjennast:

    • Eiga sjukdom
    • Sjukdom eller dødsfall i nær familie
    • Innkalling frå offentlege instansar

    Fråvær på grunn av sjukdom må dokumenterast med erklæring frå lege eller spesialist.

    Merk: For ph.d.-stipendiatar er det krav om sjukemelding frå lege eller spesialist som stadfestar sjukdom på eksamensdagen. Legeerklæring er ikkje tilstrekkeleg.

  • Avbrutt eksamen

    Avbrutt eksamen

    Ved heimeeksamen:

    • Ikkje lever eksamenssvar i WISEflow
    • Ikkje lever blankt
    • Send dokumentasjon til oss innan ein yrkedag etter eksamen

    Ved skuleeksamen:

    • Meld frå til ein eksamensvakt og trekk deg skriftleg
    • Send dokumentasjon innan ein yrkedag etter eksamen

    Dersom du har levert ein besvarelse (heimeeksamen eller skuleeksamen), vert eksamen sendt til sensur og fråværet kan ikkje godkjennast.

  • Sjukdom og eksamensforsøk

    Sjukdom og eksamensforsøk

    Gyldig fråvær vert ikkje rekna som eit nytta forsøk.

    Dersom du har gyldig fråvær, kan du ta eksamen neste gong han vert tilbydd.

    Les meir om eksamensforsøk, obligatorisk aktivitet og trekkfrist.

    Etter at trekkfristen har gått ut, er dokumentert fråvær den einaste måten å unngå å nytta eit forsøk på.

  • Sjukehusinnlegging

    Sjukehusinnlegging

    Ved akutt sjukehusopphald som hindrar deg i å sende inn legeerklæring innan fristen:

    • Send dokumentasjonen så snart du er utskriven
    • Legeerklæringa må innehalde dato for innlegging og utskriving

    Ved spørsmål, kontakt eksamen@nhh.no

  • Fråvær frå obligatorisk aktivitet?

    Fråvær frå obligatorisk aktivitet?

    Dersom fråværet ditt gjeld obligatorisk undervisningaktivitet:

    • Kontakt emneansvarleg direkte
    • Ikkje nytt fråværsmeldingsskjemaet
  • Intern overgang påfølgjande semester

    Intern overgang påfølgjande semester

    Har du søkt intern overgang til master og blir sjuk under eksamen, kan du i særskilde tilfelle søkje om opptak til masterprogrammet utan fullført bachelorgrad.

    Ver klar over at praksisen er streng for å få dette innvilga.

    Sjå her for informasjon om korleis du søker.

Les meir i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole, NHH § 4-7 Uteblivelse fra vurdering og avbrudd av vurdering (ekstern kobling) og i Utfyllende bestemmelser 4.7