Ta kurs som privatist

Ta kurs som privatist

Det er av og til høve til å ta emne ved NHH sjølv om du ikkje er tatt opp til eit studieprogram. For å kunne ta eksamen som privatist, må du søke om privatiststatus. Du betaler kun semesteravgift.

Søknadsfristar og søkeportal

!

10. desember (emne i vårsemesteret)

15. juli (emne i haustsemesteret)

Du søker om privatiststatus i Søknadsweb, sjå Slik søkjer du nedst på sida.

Kva emne kan du ta?

Du kan kun vere privatist i emne som ikkje har arbeidskrav eller ein annan form for obligatorisk aktivitet/oppgåve som ein del av vurderinga i emnet. Dette medfører at det er svært få emne som er opne for privatistar. 

Bachelor i økonomi og administrasjon

Det er ingen emne i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon som er opne for privatistar våren 2024.

Opptakskrav

  1. Du må ha generell studiekompetanse (GSK)
  2. Du må fylle matematikk-kravet (MATRS)

Master i økonomi og administrasjon

Følgjande emne er ope for privatistar våren 2024:

ECO420 Corporate Governance

Opptakskrav

  1. Du må ha ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande.
  2. Du må fylle fagkrava for opptak til masterstudiet i økonomi og administrasjon (sjå Opptakskrav, punkt 2 Fagkrav).  
  3. Dersom du har utanlandsk utdanning er det i tillegg krav om GMAT-/GRE-test (sjå Admission requirements, punkt 2. GMAT or GRE) og du må fylle kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Les meir om korleis du fyller språkkravet på Samordna Opptak sine nettsider.

Under handsaminga av søknaden din hentar vi inn informasjon om resultata dine frå andre nasjonale institusjonar du har studert ved, samt elektroniske vitnemål frå vidaregåande opplæring i Noreg. Dersom du har utdanning frå BI eller utlandet må du laste opp ein kopi av vitnemålet ditt i PDF-format i søknaden. Når det gjeld rett måte å dokumentere GMAT-/GRE-resultat og språkkunnskapar, sjå linkane over. 

Master i rekneskap og revisjon

Det er ingen emne i masterstudiet i rekneskap og revisjon som er opne for privatistar våren 2024.

Éi gruppe kan likevel søke privatiststatus i dei to to jus-emna i MRR (MRR416 Foretaksrett og MRR418 Skatte- og avgiftsrett). Det er personar med mastergrad i rekneskap og revisjon frå utlandet og som treng jus-emna for å oppnå statsautorisasjon som revisor. Dersom dette gjeld deg, må du sende ein e-post til opptak@nhh.no innan søknadsfristen og be om privatiststatus i ein av/begge desse emna. Du dokumenterer at du har ein fullført MRR-grad frå utlandet ved hjelp av det endelege vitnemålet ditt. 

OPPTAKSKRAV

  1. Du må ha ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande.
  2. Du må fylle fagkrava for opptak til masterstudiet i rekneskap og revisjon (sjå Opptakskrav, Krav til bachelorgrad).  
  3. Dersom du har utanlandsk utdanning er det i tillegg krav om GMAT-/GRE-test (sjå Admission requirements, punkt 2. GMAT or GRE) og du må fylle kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Les meir om korleis du fyller språkkravet på Samordna Opptak sine nettsider.

Vi vil under handsaminga av søknaden din hente inn informasjon om resultata dine frå andre nasjonale institusjonar du har studert ved, samt elektroniske vitnemål frå vidaregåande opplæring i Noreg. Dersom du har utdanning frå BI eller utlandet må du laste opp ein kopi av vitnemålet ditt i PDF-format i søknaden. Når det gjeld rett måte å dokumentere GMAT-/GRE-resultat og språkkunnskapar, sjå linkane over.

Dersom du har fullført MRR ved NHH men ikkje oppnådd karakterkravet for å bli statsautorisert revisor, skal du ikkje søke privatiststatus, men poststudierett. Meir informasjon om poststudierett på MRR. 

Slik søker du

Søk opptak her (SøknadsWeb)

Under Ny søknad vel du Privatist - opptak til enkeltemner og deretter 1405 Privatist MØA.

Dersom du får innvilga privatiststatus, vil du få tilgang til Studentweb, der du melder deg til eksamen i emnet/emna du ønsker å ta.

Svar på søknaden

Svar på søknaden kjem:

  • seinast 1. august for emne i haustsemesteret
  • seinast 5. januar for emne i vårsemesteret

Svar på søknaden vert sendt til di digitale postkasse. Dersom du ikkje har digital postkasse, vert svaret sendt til deg som brev i posten.

Dersom du får søknaden innvilga, er du sjølv ansvarleg for å melde deg til eksamen i emnet/emna du ønsker å ta i StudentWeb innan oppmeldingsfristen. Vi sender deg innloggingsinformasjon til StudentWeb før studiestart. 

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no