Poststudierett MRR

Poststudierett MRR

Dersom du har fullført MRR ved NHH men ikkje oppnådd karakterkravet for å bli statsautorisert revisor, kan det hende du kvalifiserer til å få poststudierett slik at du kan ta eksamen om igjen.

Føresetnader

Det er to føresetnader for å få innvilga poststudierett:

  1. Du må ha eksamensforsøk igjen i emnet/emna.
  2. Det må gjennom førast vurdering i emnet/emna i det aktuelle semesteret.

Merk at dersom du framleis har studierett på MRR og denne varer ut semesteret du ønsker å ta gjentakseksamen, treng du ikkje søke poststudierett. Då kan du melde deg til eksamen på vanleg måte. 

Slik søker du

Du søker ved å sende ein e-post til opptak@nhh.no med informasjon om kva emne du ønsker å ta gjentakseksamen i. Du kan sende e-posten i perioden 1. - 20. august for emne du vil ta eksamen i om hausten og 1. - 20. januar for emne du vil ta eksamen i om våren. 

Svar på søknaden

Du vil få svar på søknaden innan oppmeldingsfristen (1.9. om hausten/1.2. om våren), i tide til å betale semsteravgifta og semesterregistrere deg. 

Vilkår

Følgjande vilkår gjeld dersom du får innvilga poststudierett:

  • Det er kun høve til å ta eksamen i det/dei emnet/emna der karakterkravet ikkje er nådd.
  • Poststudierett vert kun tilbudt ved campus Bergen. Dersom du har tatt MRR i Oslo og får innvilga poststudierett, må eksamen gjennomførast i Bergen.
  • Du får innvilga poststudierett for eitt semester av gongen.
  • Resultatet/-a du oppnår vil gå fram av ein karakterutskrift.

Kontakt

Telefon
+47 55 95 95 95
E-post
opptak@nhh.no