Ta kurs som privatist

Ta kurs som privatist

Det er av og til høve til å ta emne ved NHH sjølv om du ikkje er tatt opp til eit studieprogram. For å kunne ta eksamen som privatist, må du søke om privatiststatus. Du betaler kun semesteravgift.

Det er berre emne som ikkje har arbeidskrav eller ein annan form for obligatorisk aktivitet/oppgåve som ein del av vurderinga i emnet, som er opne for privatistar. Kva emne som er mogeleg å ta som privatist, varierer derfor frå semester til semester. 

!

Søkeperioder:

1.-10. desember (emne i vårsemesteret)

1.-15. juli (emne i haustsemesteret)

Dei semestra det er mogeleg å søke om privatiststatus, søker du opptak i Søknadsweb. 

Bacheloremne

Det er ingen emne på bachelornivå som er opne for privatistar hausten 2025.

Opptakskrav

  1. Du må ha generell studiekompetanse (GSK)
  2. Du må fylle matematikk-kravet (MATRS)

Masteremne

Eitt emne er ope for privatistar hausten 2025:

- ETI450: Corporate Social Responsibility 

Opptakskrav

  1. Du må ha ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande.
  2. Du må fylle fagkrava for opptak til masterstudiet i økonomi og administrasjon (sjå Opptakskrav, punkt 2 Fagkrav).  
  3. Dersom du har utanlandsk utdanning er det i tillegg krav om GMAT-/GRE-test (sjå Admission requirements, punkt 2. GMAT or GRE) og du må fylle kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Les meir om korleis du fyller språkkravet på Samordna Opptak sine nettsider.

Dokumentasjonskrav

Du finn informasjon om dokumentasjonskrav her.     

Master i rekneskap og revisjon

Dersom du har mastergrad i rekneskap og revisjon frå utlandet, kan det vere at du har behov for å ta jus-emna i MRR-studiet (ACC440 Foretaksrett og ACC441 Skatte- og avgiftsrett) for å bli statsautorisert revisor. Dersom dette gjeld deg, treng du ikkje søke privatiststatus. Send i staden ein e-post til opptak@nhh.no innan søknadsfristen og be om privatiststatus i eit av/begge desse emna. Du dokumenterer at du har ein fullført MRR-grad frå utlandet ved hjelp av det endelege vitnemålet ditt.

Dersom du har fullført MRR ved NHH, men ikkje oppnådd karakterkravet for å bli statsautorisert revisor, skal du heller ikkje søke privatiststatus, men poststudierett. Meir informasjon om poststudierett på MRR. 

Svar på søknaden

Svar på søknaden kjem:

  • 1. august for emne i haustsemesteret
  • 5. januar for emne i vårsemesteret

Svar på søknaden vert sendt til di digitale postkasse. Dersom du ikkje har digital postkasse, vert svaret sendt til deg som brev i posten.

Dersom du får søknaden innvilga, må du sjølv melde deg til eksamen i emnet/emna du har fått privatiststatus i innan oppmeldingsfristen. Vi sender deg innloggingsinformasjon til StudentWeb før studiestart. 

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no