Studierettleiing

Studierettleiing

Studierettleiaren er gjerne den første du kontaktar når du har spørsmål om studia dine, eller korleis handtere livet som student.

KONTAKT

Du kan finne ledig time og bestille sjølv i lenka under. Logg inn med Feide (som på Studentweb). Husk at det kan vere mange som ønsker rettleiing, så det er viktig at du avbestiller timen dersom du ikkje skal nytta han. 

BESTILL STUDIERETTLEIING 

Du kan også ta kontakt med oss på student@nhh.no 

OPNINGSTIDER

 Frå 12.00 - 14.30, måndag til fredag.

All studierettleiing foregår i Servicesenterets brakke utanfor inngangen til aulaen.

Er du ikkje student på NHH, kontakt Servicesenteret for å booke time.

 

Studierettleiaren kan mellom anna hjelpe deg med:

 

Nokon å snakke med

NHH og SAMMEN har mange personar med teieplikt som du kan snakke med om alt. 

Andre rettleiingstenester

Rettleiing om internasjonale moglegheiter

Opningstider:

Studierettleiarane i Seksjon for internasjonale relasjonar er tilgjengelege i Servicesenteret etter følgjande timeplan. Du treng ikkje å booke time på førehand for å få snakke med nokon. Dei ulike studierettleiarane har sine spesialfelt som dei kan mest om, så viss du har veldig spesifikke spørsmål kan det vere lurt å oppsøke den som kan mest om dette. Alle vil kunne svare på generelle spørsmål om utveksling og internasjonale moglegheiter. Vi er også tilgjengelege på e-post og telefon:

Kontakt Seksjon for internasjonale relasjonar

Karriererettleiing

Internasjonalt karrieresenter ICC har rettleiing kvar onsdag i Servicesenteret frå kl 12:00 – 14:00. I veke 34 har karriere senteret opent alle dagar frå 12:00 -  14:00

Du kan også kontakte SAMMEN sitt karrieresenter

Fagleg rettleiing

Dersom du har faglege spørsmål om studia dine t.d. om;

  • Fagleg innhald og opplegg i kurs utover det som står i kursskildringa. Kontakt kursansvarleg.
  • Fagleg innhald i bachelorprogrammet i økonomi og administrasjon (BØA). Kontakt Programleiar for BØA.
  • Fagleg innhald og tilrådde kurs i hovudprofilen din i masterprogrammet i økonomi og administrasjon (MØA). Kontakt profilkoordinatoren for din hovudprofil, eller programleiar for MØA.
  • Fagleg innhald i masterprogrammet i rekneskap og revisjon (MRR) Kontakt programleiar for MRR

Du finn oversikt over kurs, studieprogram og profilar i MØA under "emner i studia ved NHH". Under kvar enkelt profil finn du kven som er profilkoordinator for din profil. 

VÅRE STUDIERETTLEIARAR

Våre studierettleiarar for internasjonale moglegheiter