Blanda intensivprogram (BIP) ved NHH

Blanda intensivprogram (BIP) ved NHH

Tilsette ved NHH kan søka om Erasmus+ midlar til små, internasjonale prosjekt som kombinerar fysiske intensivprogram med digitalt samarbeid (BIP).

BIP-midlar (organisasjonsmidlar) gjev høgare utdanningsinstitusjonar høve til å utvikla blanda mobilitetsprogram retta mot studentar og tilsette, inkludert PhD-studentar, med Erasmus+ partnarar.

Ein BIP kombinerer nettbasert undervisning med ein kort periode fysisk utveksling, og gjev difor studentar så elles har få mobilitetssjansar litt internasjonal erfaring.

NHH søkte om og fekk tildelt to BIP-ar på 2022-prosjektet (2022-24).

Prosjektperiode

Totalt tal på BIP

Tal på BIP som gjenstår

Tal på deltakarar som kan få støtte

2022-2024

2

2

15-20

  • Krav

    Krav

    For å tilfredsstilla krava til ein BIP, må programmet/kurset/emnet: 

    • vera arrangert mellom minimum tre institusjonar frå tre medlemsland i EU og/eller assosierte tredjeland til programmet (Noreg, Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia eller Tyrkia)
    • vera vertskap for minimum 15 eksterne Erasmus+ deltakarar. Desse kan vera både studentar og tilsette. Deltakarar frå organiserande institusjon tel ikkje med. Deltakarane må delta på heile programmet, både på den virtuelle og den fysiske delen. Deltakarar som berre deltar på ein av delane, kan ikkje vera rekna med i deltakarlista
    • bestå av ein fysisk del på mellom 5. og 30. dagar og ein virtuell del som kan vera gjennomført før, under eller etter den fysiske delen. Det er ikkje noko spesifikt minstekrav på kor lenge den virtuelle delen skal vara
    • ha eit arbeidsomfang på minimum 3 ECTS for studentar. Programmet/kurset/emnet treng ikkje inngå som ein del av studentens studieprogram, men må vera studiepoenggjevande

    Merk! Utvekslingsstudentar via Erasmus+ programmet kan per i dag ikkje delta i ein BIP då dette vert dobbelfinansiering i strid med Erasmus+ reglar. 

  • Finansiering

    Finansiering

    Organiserande eining ("koordinator") ved NHH får administrasjonsmidlar til maks 20 deltakarar. Du får midlar på om lag €70 per dag/deltakar (maks €400 per deltakar, totalt mellom €6000-€8000). Midlane vert overført til organiserande eining etter gjennomført program, basert på rapportering til Erasmus+ koordinator ved Seksjon for internasjonale relasjonar, eller etter avtale.

    Dersom du skal delta i ein annan institusjons BIP som "partner", må NHH bruka sine vanlege Erasmus+ stipendmidlar for å finansiera den fysiske akvititeten for sine studentar ("learners"). Dette utgjer omlag €70 per dag for inntil 14 dagar, og €50 per dag for 15-30 dagar.

  • Korleis søka?

    Korleis søka?

    Viss du er interessert i å søka om ein av NHHs BIP-midlar, kan du senda søknad (i Microsoft Word eller PDF) til Erasmus+ koordinator på int.stud@nhh.no.

    Søknaden på innehelda: 

    • Namn og fornamn
    • Fakultet eller seksjon du jobbar i
    • Emailadresse
    • Ansvarleg administrativt kontakt ved eininga du jobbar i
    • Namn på institusjonar du ynskjer å planlegga BIP med
    • Namn på aktiviteten som skal vera organisert som ein BIP
    • Tal på tilsette/studentar du planlegg skal delta 
    • Tal på ECTS programmet gjev 
    • Tidspunkt for den fysiske delen 
    • Tidspunkt for den virtuelle delen

    Erasmus+ koordinator tar kontakt med deg etter du har sendt inn søknad. Du kan søka sjølv om du ikkje er 100% sikker på at du vil laga ein BIP. Søk gjerne i god tid før du har tenkt å gjennomføra BIP-en.