Innlevering individuelt og i gruppe

Innlevering individuelt og i gruppe

Du må levere innan frist for at eksamenssvaret skal bli sendt til sensur. Her finn du informasjon om korleis du leverer i WISEflow. Hugs at eksamenssvaret som hovudregel skal leverast som pdf.

  • Gå til no.wiseflow.net/nhh (vi tilrår at du brukar Firefox eller Chrome). 
  • Logg inn med FEIDE (studentnummer + passord).
  • Opne riktig flow.
  • Last opp og lever besvarelsen i riktig format i god tid!

INNLEVERING

Fristen for ei innlevering er absolutt. Vi tillèt heller ingen endringar etter at fristen er ute. 

Du må sjølv kontrollere at du har stabil internettoppkobling (til dømes Eduroam) når du skal levere. 

Dersom du har problem med sjølve opplastinga, må du kontakte eksamen@nhh.no! Alle førespurnader må sendast skriftleg før fristen går ut. Det er ditt ansvar å sette av så god tid til innlevering at du har tid til å kontakte oss før dette dersom du treng hjelp. Vi rår minst 15 minutt.

Standard filformat for innlevering er PDF. I nokre tilfelle er det ope for å laste opp vedlegg i andre format. 

Eksamenssvaret er ikkje levert før du har klikka på Innlever. I nokre tilfelle må du legge inn forsideinformasjon før Innlever-knappen vert aktivert. Ei korrekt innlevering ser ut som på biletet under. 

 

Særskilt om Gruppeinnlevering

  1. Ein medlem av gruppa loggar seg inn i WISEflow og opprettar ei gruppe, og inviterer deltakarene.
  2. Alle deltakarar må logge seg inn og akseptere gruppemedlemskapen - de får ikkje levert utan å gjere dette først.
  3. Ein medlem av gruppa skal levere på vegner av denne. Hugs å klikke på Innlever!
Gruppeinnlevering