Mistanke om fusk

Mistanke om fusk

Fusk er eit brot på forskrifta og universitets- og høyskolelova. Ein student som vert mistenkt for fusk, risikerar i ytste konsekvens utestengjing frå NHH eller alle norske universitet og høgskular i opp til to semester, i tillegg til annullering av karakteren.

  • Kva er fusk?

    Kva er fusk?

    Det er ditt ansvar å gjere deg kjend med kva som vert rekna for fusk.

    I forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole, NHH, § 5-1, finn du fleire døme på kva dette kan vere: 

    • å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under vurdering
    • å leggje fram andres arbeid som sitt eige
    • å leggje fram eige tidlegare arbeid som noko nytt (sjølvplagiat)
    • å sitere kjelder eller på anna vis nytte kjelder i skriftleg arbeid utan tilstrekkelege tilvisingar.
    • ureglementert samarbeid mellom kandidatar eller grupper av kandidatar

    Universitets- og høyskoleloven §§ 4-7 og 4-8 bestemmer at den som vert tatt for fusk kan få sitt oppgåvesvar annullert, og/eller verte utestengd frå NHH i inntil eitt år.

    Reglane om fusk gjeld alle vurderingar som vert gjennomført ved NHH.

    Du må vere kjend med at reglementet for fusk og gjeld i tilfeller der du ikkje har hatt intensjon om å skaffe deg eit fortrinn, til dømes om du har gløymd å leggje bort mobilen, eller om du har tilgjengeleg ein lapp eller ei bok som ikkje er tillatne hjelpemiddel. Manglande eller mangelfull sitering kan og føre til mistanke om fusk.
     
    Medvirkning til fusk kan verte sanksjonert jf. Universitets- og høgskoleloven §4-8 tredje ledd. Det er i slike tilfeller eit krav om forsett, til dømes at ein student sender sitt oppgåvesvar til ein medstudent, som så nyttar denne ved utarbeiding av eige oppgåvesvar.
     
    Det er viktig at du som student er trygg på korleis du skal forhalde deg til reglane om fusk. Dersom du er usikker, kan du kontakte oss på eksamen@nhh.no.

  • Korleis oppdagar vi fusk?

    Korleis oppdagar vi fusk?

    Oppgåvesvaret ditt vert send gjennom eit tekstgjenkjenningsprogram som undersøker likskap mellom det innleverte oppgåvesvaret og andre studentars oppgåvesvar, eigne tidlegare leverte oppgåvesvar, nettsider, masteroppgåver og anna publisert litteratur. Dersom det er store likskapar, og du manglar eller har mangelfulle referansar, kan du verte mistenkt for plagiat eller sjølvplagiat.

  • Kva skjer ved mistanke om fusk?

    Kva skjer ved mistanke om fusk?

    Mistanke om fusk kan oppstå under eksamensavviklinga eller under sensuren. 

    Studenten vert varsla om mistanken og får moglegheit til å uttale seg i saka. Studenten får og informasjon om regelverket, og vert særleg informert om retten til å få dekka utgifter til juridisk bistand. 
     
    Deretter vil Studieadministrativ avdeling førebu ei innstilling der all informasjon i saka, til dømes rapport frå sensor / eksamensvakt og studentens utgreiing, vert samanfatta. Innstilling vert oversendt Klagenemnda ved NHH, som skal avgjere om studenten forsettlig eller uaktsomt har fuska. Det er og klagenemnda som fastsett reaksjonen. 
     
    I forkant av klagenemnda si handsaming, skal studenten få tilgong til alle dokumet i saka. Studenten vil få tildelt ein kontaktperson ved Seksjon for eksamen. Etter at saka er oversendt Klagenemnda ved NHH, vil klagenemndas sekretær fungere som kontaktperson. Klagenemnda sitt vedtak vert formidla via nemndas sekretær. 

  • Juridisk bistand

    Juridisk bistand

    Du har rett til å la deg bistå av advokat eller anna fullmektig, jf. Forvaltningslova § 12 første ledd, og Universitets- og høgskolelovens § 4-8, femte ledd. Når studenten har opplyst høgskulen om kven han eller ho har antatt som fullmektig, skal all kontakt skje gjennom vedkommande. Høgskulen skal dekke studentens kostnadar til slik bistand, frå sak om utestengjing er reist.
     
    Etter Forvaltningslovens §§ 18-20 har studenten rett til partsinnsyn i saka, med unntak av interne dokument. Studenten vil under saksførebuinga ha rett til innsyn i det faktiske grunnlaget, til dømes eiget oppgåvesvar, skildring av hendingsgang, vitneprov, retningsliner osv.

  • Regelverk

    Regelverk

    Forskrift om fulltidsstudiene ved NHH Kapittel 5 Fusk (ekstern lenke)

    Utfyllende bestemmelser til Forskrift om fulltidsstudiene Kapittel 5 (PDF 270 kb)

    Universitets- og høyskoleloven § 4-7 Annullering av eksamen eller prøve (ekstern lenke)

    Universitets- og høyskoleloven § 4-8 Utestenging og bortvisning (ekstern lenke)