Heimeeksamen og innlevering
Fleire kurs på NHH har heimeeksamen og innlevering som vurderingsform. Her finn du viktig informasjon om korleis du gjennomfører desse.
heimeeksamen - Gjennomførast utan bruk av flowlock
Heimeeksamen gjennomførast uten bruk av FLOWlock browser. Eksamen foregår altså ikkje i eit låst miljø slik som ved ein skuleeksamen, og du har tilgong til alle normale funksjonar på datamaskina di.
Naudsynte førebuingar
Kvart semester er det mange studentar som ikkje får akseptert sitt eksamenssvar fordi dei har levert for seint. Det er difor svært viktig at du er tilstrekkeleg førebudd til eksamen, både når det gjeld teknisk utstyr, og kjennskap til korleis du skal gjennomføre eksamensinnlevering heimefrå. Du må sikre at du har:
- Tilgong til ein fungerande pc
- Stabil internettilkopling
- Kjennskap til korleis ein konverterer ulike filtyper til pdf-format
- Kjennskap til korleis ein lastar opp filer av ulik storleik i WISEflow.
- Kjennskap til korleis ein skanner bildefiler til pdf-format
- Kjennskap til innleveringsprosedyra i WISEflow.
INNLEVERINGSFRIST
Vi tek ikkje imot eksamenssvar som vert levert etter innleveringsfristen.
Dersom du har tekniske problem i ein innleveringssituasjon, er det viktig at du gjer følgjande:
- Send eksamenssvaret ditt som eit vedlegg i korrekt format til eksamen@nhh.no før innleveringsfristen går ut. NB! Lenke til skylagring og lignende aksepteres ikkje, filen må sendes som eit vedlegg på epost eller via Filesender.
- Om du ikkje klarer å sende oss ein e-post, enten frå pc eller mobil, kan du i heilt naudsynte tilfeller ringe oss.
EKSTRA TID TIL INNLEVERING
Alle studentar har 15 minutt administrativ tilleggstid for eksamenar kor det skal lastast opp filer i WISEflow. Denne tillegstida skal kun nyttast til å levere inn eksamenssvaret.
Dei 15 minutta kjem i tillegg til den ordinære eksamenstida. Til dømes; dersom eksamen varer til kl. 14.00, vil ein kunne levere eksamenssvaret før kl. 14:15.
Merk at tillegstida ikkje gjeld for eksamener kor det ikkje skal lastast opp filerm, til dømes multiple choice eksamen i FLOWmulti.
Fristen for å levere eksamenssvaret vil gå fram av den aktuelle flowen i kvart enkelt kurs.
fusk
Samarbeid mellom individ eller gruppe om utarbeidelse av eksamenssvaret er ikkje tillatt, og utveksling av eigenprodusert materiale til andre skal ikkje forekome. Ditt eksamenssvar skal bestå av dine eigne vurderingar og analysar.
Eksamenssvaret ditt vert kontrollert i eit tekstgjenkjenningsprogram, og samanlikna med tidlegare leverte eksamenssvar, masteroppgåver, internettkjelder, artiklar og nettside.
Difor er det svært viktig at du:
-
På ein tilstrekkeleg måte siterer og referer kjelder som du har nytta i eksamenssvaret ditt
-
Ikkje samarbeider med andre om eksamensoppgåva (om ikkje samarbeid eksplisitt er tillatt, til dømes på gruppeinnlevering)
-
Har sikra at eksamenssvaret ditt er eit resultat av ditt eige, sjølvstendige arbeid
Hugs at du ved semesterregistrering stadfestar at du har lese og forstått eksamensreglementet, at du er kjend med kva som reknas for fusk, og moglege konsekvensar av dette.
INNLEVERING
- Gå til no.wiseflow.net/nhh (vi tilrår at du bruker Firefox eller Chrome).
- Logg inn med FEIDE (studentnummer + passord).
- Opne riktig flow.
- Last opp og lever besvarelsen i riktig format i god tid!
Standard filformat for innlevering er PDF. I nokre tilfelle er det mogleg å laste opp vedlegg i andre format.
Eksamenssvaret er ikkje levert før du har klikka på Innlever. I nokre tilfelle må du legge inn forsideinformasjon før Innlever-knappen vert aktivert. Ei korrekt innlevering ser ut som på biletet under.
Særleg om Gruppeinnlevering
- Eit medlem av gruppa loggar seg inn i WISEflow, opprettar ei gruppe og inviterar deltakarene.
- Alle deltakarar må logge seg inn og godkjenne gruppemedlemskapen - dykk får ikkje levert utan å gjere dette fyrst.
- Eit medlem skal levere på vegne av gruppa. Hugs å klikke på Innlever!