Studiebyen Bergen

Studiebyen Bergen

Nesten 30 000 studentar har valt Bergen som sin studiestad. Meir enn ti prosent av innbyggjarane er studentar. Det gjer noko med byen.

Bilde av Bergen, sett frå Fløyen. Foto: Bergen Reiselivslag / visitbergen.com
Bergen sett frå Fløyen. Foto: Bergen Reiselivslag / visitbergen.com

Mange av utdanningsinstitusjonane i Bergen ligg midt i eller i nærleiken av sentrum. Studentane pregar bybildet, og bidreg til å gjere Bergen til ein ung og urban studentby.

Engasjer deg i studietida

Bergen har et svært aktivt kultur- og uteliv, og mange friviljuge organisasjonar som du kan engasjere deg i. 

I tillegg til studentorganisasjonane ved dei ulike studiestadene, finns det organisasjonar som er felles for alle studentane i Bergen. Dei største er kulturhuset Det akademiske kvarter (Kvarteret) og studentidrettslaget BSI. Kvarteret husar konsertscenar, kino, kafe, øvingslokalar og pub, og blir drive av meir enn hundre studentar på friviljug basis. BSI har over to tusen medlemmar og tilbod innan ei lang rekke idrettar frå fotball og handball, til fekting og undervannsrugby. 

Les meir og sjå studentkalenderen på studentbergen.no (ekstern lenke)

Det Akademiske Kvarter. Foto: Diego Pasten
Det Akademiske Kvarter. Foto: Diego Pasten

I Bergen blir det arrangert ei rekkje konsertar og festivalar (blant anna årlege Bergenfest og filmfestivalen Biff), og byen husar kjende kulturinstitusjonar som Den Nationale Scene, Bergen Filharmoniske Orkester og KODE

Kort vei til det meste

Til tross for at Bergen er Noregs nest største by, vil du likevel oppleve at sentrum er kompakt med gangavstand til det meste: konsertarenaer, parkar, pubar og kafear, kunstutstillingar og museum.

NHH ligg sentralt plassert berre få minutt med buss utanfor sentrum, og eit godt utbygd kollektivtilbod legg til rette for at du skal kunne få mest mogeleg ut av studietida di i Bergen.

Vårdag i Bergen. Foto: David Zadig
Vårdag i Bergen. Foto: David Zadig

Mellom sjø og fjell

Naturen omgjev Bergen på alle kantar. Dei sju byfjella er aldri langt unna, og på berre nokre minutt kan du bytte ut lesesal og studiar med frisk fjelluft og spektakulær utsikt. 

Er du glad i skikjøring og ekstremsport finn du flotte mogelegheiter på Voss, berre 1,5 time unna. Nokre av dei flottaste dykke- og klatretilboda finn du også i områda rundt Bergen.

Turen opp Stoltzekleiven er tøff, men du blir belønna med ei spektakulær utsikt over Bergen. Foto: visitbergen.com
Turen opp Stoltzekleiven er tøff, men du blir belønna med ei spektakulær utsikt over Bergen. Foto: visitbergen.com

Velkommen til oss

Klar for å bli student i Bergen? Slik søkjer du opptak til NHH