Krav til dokumentasjon MRR, eittårig løp

Krav til dokumentasjon MRR, eittårig løp

Les informasjonen på denne sida nøye før du lastar opp dokumentasjon til søknaden din.

Sida er under oppdatering og vil vere ferdig innan opptaket til hausten 2026 opnar 1.11.2025.

Kva dokument må lastast opp

Søknadsskjema

Alle søkarar må fylle ut og laste opp søknadsskjema. Skjemaet gir oss viktig informasjon om kva utdanningsbakgrunn du har og kor langt du har kome i studieløpet. Du vil finne søknadsskjemaet her frå 1.11.2025.

  • Kall fila: soknadsskjema.pdf

Utdanning

1. Søkarar med utdanning frå lærestad som nyttar resultatutveksling:

Vi har automatisk tilgang til resultata dine gjennom resultatutveksling. Du treng difor ikkje laste opp dokumentasjon på utdanning.

Dersom du fullfører utdanning våren 2026, må du sende ein e-post til opptak@nhh.no når du har fått siste resultat for våren og lærestaden din har registrert at graden er fullført (frist 15. august). Vi får ikkje automatisk beskjed når du får nye resultat. Du kan sjå kva resultat vi har tilgang til og om graden din er registrert fullført under "Eksterne resultat" i Søknadsweb. 

Merk! Dersom lærestaden ikkje har registrert at graden din er fullført innan 15. august, må du i staden laste opp ei offisiell stadfesting frå lærestaden på at graden er fullført og bestått.

Har du utveksling? Sjå informasjon under pkt. 3 om utanlandsk utdanning.

2. Søkarar med utdanning frå BI:

Du må dokumentere både bachelor- og masterutdanninga di.

Vi har ikkje tilgang til resultata dine, og du må difor laste opp ein digitalt signert PDF-fil med dokumentasjon på utdanning frå Vitnemålsportalen. Resultat delt via lenke er dessverre ikkje tilstrekkeleg, då ho kun er gyldig i ein avgrensa periode. 

Les her om korleis du hentar ein digitalt signert PDF-fil.
Her finn du informasjon om korleis du verifiserer ein digital signatur.

- Dersom du er ferdig med graden på søketidspunktet, lastar du opp ein PDF-fil som viser resultata dine, samt at graden er fullført når du søker. Pass på at namnet på graden, samt dato for fullføring står øvst på dokumentet.

- Dersom du fullfører utdanning våren 2026, lastar du opp ein PDF-fil med resultat til og med hausten 2025 når du søker, og så ein ny PDF-fil når alle resultata dine for våren er komne og BI har registrert at graden din er fullført. Pass på at namnet på graden, samt dato for fullføring står øvst på dokumentet når du lastar opp det endelege dokumentet (frist 15. august).

- Har du utveksling i tillegg? Sjå informasjon under pkt. 3 om utanlandsk utdanning.

  • Dersom du har dokumentasjon å laste opp, kall fila: masterutskrift.pdfbachelorvitnemål.pdf eller mastervitnemål.pdf

3. Søkarar med utanlandsk utdanning:

Du må dokumentere både bachelor- og masterutdanninga di.

Vi har ikkje tilgang til resultata dine, og du må difor laste opp dokumentasjon på utdanning.

- Søkarar med utveksling: du dokumenterer resultata dine ved hjelp av ein offisiell karakterutskrift frå lærestaden.

- Søkarar med utanlandsk grad som er fullført hausten 2025 eller før:
du dokumenterer utdanninga di ved å laste opp ditt endelege, offisielle vitnemål frå lærestaden.

- Søkarar med utanlandsk grad som fullførast våren 2026: du dokumenterer resultata dine med ein offisiell karakterutskrift frå lærestaden når du søker. Når du har fått sensurane frå våren 2026 (frist 15. august), lastar du opp ditt endelege, offisielle vitnemål frå lærestaden.

  • Dersom du har dokumentasjon å laste opp, kall fila: masterutskrift.pdf, bachelorvitnemål.pdf eller mastervitnemål.pdf

Emneomtalar

Nokre søkarar frå alle tre søkargrupper kan bli bedt om å laste opp emneomtalar. Dersom dette gjeld deg, vil du få epost om det.

  • Dersom du har dokumentasjon å laste opp, kall fila: emneomtalar.pdf

Revisjonspraksis

Dersom du har enten eitt eller to års revisjonspraksis etter at du har avslutta mastergraden din, kan du ha krav på tilleggspoeng. For å dokumentere dette, last opp ei stadfesting frå arbeidsgivar på at du har arbeida som revisormedarbeidar i 100% stilling frå xx.xx. (dato) til xx.xx. (dato). Stadfestinga må vere stempla og underskriven av arbeidsgivar, og praksisen må følgje standardar utgitt av International Assurance and Auditing Standards Board.

  • Kall fila: revisjonspraksis.pdf

Norsk-/engelskkunnskapar

Dersom du har fullført norsk vidaregåande skule, fyller du kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Om du har elektronisk vitnemål frå Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB), har vi automatisk tilgang til resultata dine og du treng ikkje dokumentere språkkunnskapar.

Dersom du ikkje har vitnemål frå NVB, må du laste opp eit offisielt vitnemål frå vidaregåande skule.

Dersom du ikkje har norsk vidaregåande skule må du fylle kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Sjekk på Samordna opptak sine nettsider korleis du fyller dette kravet.

  • Dersom du har dokumentasjon å laste opp, kall fila: norskkunnskapar.pdf eller engelskkunnskapar.pdf

Utanlandsk utdanning?

Då er det ekstra krav til dokumentasjon:

GMAT-GRE-test

Dersom du ikkje er fritatt frå kravet om GMAT-/GRE-test, (les om fritaka her) må du ta testen og gjere resultatet tilgjengeleg for NHH innan 15. februar. Testresultatet kan maksimalt vere 5 år gamalt og berre offisielle testresultat gjort tilgjengeleg i testdatabasen er gyldig. Vi ber deg i tillegg om å laste opp ein skanna kopi av ditt uoffisielle testresultat. Dersom du ikkje har tatt testen når du søker, ver venleg å indikere kva dato du planlegg å ta han. Hugs at det kan ta inntil 20 dagar frå du tek testen til resultatet er tilgjengeleg for oss.

Programkode GMAT: 7KZ-ZK-01
Programkode GRE: 0686

  • Kall fila: GMAT.pdf eller GRE.pdf

Forklaring av karaktersystem

Dersom lærestaden din nyttar eit anna karaktersystem enn ECTS, må du laste opp ei offisiell forklaring av karaktersystemet. Forklaringa finn du som oftast på karakterutskrifta eller vitnemålet ditt.

  • Kall fila: karaktersystem.pdf

Forklaring av studiepoengsystem

Dersom lærestaden din nyttar eit anna studiepoengsystem enn ECTS, må du laste opp ei offisiell forklaring av studiepoengsystemet. Forklaringa finn du som oftast på karakterutskrifta eller vitnemålet ditt. 

  • Kall fila: studiepoengsystem.pdf

RETTLEIING FOR OPPLASTING AV DOKUMENT

  • Skanne og last opp dei originale dokumenta du har mottatt frå lærestaden din i PDF-format.
  • Last berre opp dei dokumenta vi ber om. Andre dokument vert ikkje vurdert og kan forseinke behandlinga av søknaden din. Om mogeleg, last opp alle dokumenta samtidig. 
  • Hugs å skanne begge sider av dokumenta. Dersom eit dokument har fleire sider, lag ei samla fil.
  • Vi ber om at du gir namn til filene slik vi foreslår ovanfor, slik at det er enkelt å sjå når søknaden er komplett.

Viktig informasjon om dokumentasjon

  • Du er sjølv ansvarleg for å laste opp all relevant dokumentasjon til søknaden innan fristen. Berre resultat frå vårsemesteret kan lastast opp etter søknadsfristen. 
  • Det er ditt eige ansvar at den dokumentasjonen du har lasta opp er uendra og ekte. Eit tilfeldig utval av studentar vil bli bedne om å vise fram originaldokumentasjon ved studiestart. Studentar som på spørsmål frå NHH ikkje kan legge fram slik dokumentasjon, vil kunne miste studieretten, jf. § 2-8 punkt e i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole.
  • Opplasting av falske dokument er ulovleg og vil bli meldt til politiet.
  • NHH reserverer seg retten til å kontakte institusjonar og firma for forklaring/verifisering av opplasta dokument.