NHH sitt Advisory Board

NHH sitt Advisory Board

Eit rådgjevande organ som hjelper NHH med å nå måla sine.

NHH sitt Advisory Board vart oppretta i 2013 og består av toppleiarar frå norsk og internasjonalt næringsliv og akademia.

Medlemmene skal hjelpa NHH å nå måla sine ved å gje internasjonal perspektiv på forsking, utdanning og formidling og ved å gje strategiske råd.

Initiativet til å oppretta slike rådgjevande organ kom frå Kunnskapsdepartementet. Målet er å styrka banda mellom akademia og internasjonalt næringsliv. Institusjonanen fekk relativt frie tøylar i høve samansetjing og mandat for utvala.

NHH valde å ta utgangspunkt i tilsvarande utval ved handelshøgskular i utlandet og inviterte ti medlemmer frå toppnivå i norsk og internasjonalt næringsliv og høgare utdanning.

NHH er representert ved rektor og to studentar.

NHHs Advisory Board er utpeikt for fire år og møtest med ca. halvtanna års intervall.

Medlemmer frå internasjonalt næringsliv

  • Stine Bosse, styreleiar og -medlem i ei rekkje internasjonale selskap.
  • Richard Milne, nordisk og baltisk korrespondent for Financial Times.
  • Jorma Ollila, Styreleiar, Royal Dutch Shell Plc.

Medlemmer frå internasjonal akademia

  • Professor Jean-Paul Larçon,  HEC Paris, æresdoktor ved NHH.
  • Professor Kulwant Singh, National University Singapore.

Medlemmer frå norsk næringsliv

  • Cecilie Blydt Heuch, Chief HR Officer, DNV-GL
  • Sondre Gravir, direktør, finn.no
  • Idar Kreutzer, adm. dir. Finans Norge - FNO
  • Erik Mamelund, Leder, Ernst & Young Nordic
  • Tore Myrholt, direktør og seniorpartner, McKinsey
  • Siren Sundland, Konserndirektør Operasjonelle tjenester, Sparebanken Vest
  • Gunvor Ulstein, Konserndirektør, Ulstein Group
  • Marianne Aasen, Stortingsrepresentant, Ap

Studentrepresentantar

  • Mats Erik Wøien, Kjernestyreleiar, NHHS
  • Frid Hèlen Hop, Fagpolitisk ansvarleg, NHHS