– Det har vore litt av eit år

Christian Braathen
Christian Braathen, gründeren bak arbeidsplanen.no, fekk Lehmkuhlstipendet på 25 000 kr for masteroppgåva «Modeling the Norwegian Working Environment Act and Shift-Schedule Preferences Using Mathematical Programming». Foto: Helge Skodvin
NHH Av Sigrid Folkestad

4. oktober 2018 14:42

– Det har vore litt av eit år

Christian Braathen har jobba uhørt mykje. Gründeren har levert masteroppgåve og lansert arbeidsplanen.no. No påskjønner NHH han med Lehmkuhlstipendet.

Christian Braathen, masterstudent ved NHH og gründeren bak arbeidsplanen.no, får Lehmkuhlstipendet på 25 000 kr for masteroppgåva «Modeling the Norwegian Working Environment Act and Shift-Schedule Preferences Using Mathematical Programming». Stipendet vart delt ut av styreleiar i Kristofer Lehmkuhls Fond Hugo P. Matre, like etter Lehmkuhlførelesninga med Olaug Svarva. 

LEHMKUHLSTIPENDET

Kristofer Lehmkuhls Fond for Fremme av Norsk Næringsliv blei oppretta 1. mai 1920. Fondet deler ut stipend til NHH-studentar eller nyleg uteksaminerte kandidatar som viser særlege evner som kan fremme norsk næringsliv innan fagområda innovasjon og entreprenørskap.

VEldig gøy

– Det har vore litt av eit år!, seier stipendvinnar Christian Braathen.

– Tidleg i fjor haust bestemte eg meg for å gå bort frå planen om ei masteroppgåve i finans og heller skrive om personellplanleggjaren. Det var eit godt val, seier han. 

Braathen takkar fondet og juryen, men vil også få med at førsteamanuensis Mario Guajardo og professor Erik Ø. Sørensen har vore svært viktige undervegs. 

– Dei er geni innan sine fagfelt, skryt Braathen. Til neste år er han sjølv forskar på NHH, då som fersk PhD-stipendiat.

Samtalar med enno fleire

– Korleis har det gått sidan du lanserte arbeidsplanen i september?

– Enno fleire selskap har teke kontakt med meg. Før eg kom til NHH i dag, hadde eg eit møte med eit selskap, og seinare i ettermiddag skal eg ha Skype-møte med ein ny mogleg kunde. Det skjer utan at eg har brukt ei einaste krone på marknadsføring. 

Prorektor ved NHH Therese E. Sverdrup, masterstudent og stipendvinner Christian Braathen, styreleiar i Kristofer Lehmkuhls Fond Hugo P. Matre og NHH-rektor Øystein Thøgersen.
Prorektor ved NHH Therese E. Sverdrup, masterstudent og stipendvinner Christian Braathen, styreleiar i Kristofer Lehmkuhls Fond Hugo P. Matre og NHH-rektor Øystein Thøgersen. Foto: Helge Skodvin

– Og pengane som no kjem inn?

– Dei skal inn i satsinga på ekspansjon, både i Noreg og utanlands, seier han.

PÅskjønning

Lehmkuhlstipendet er ei påskjønning til NHH-studentar eller nyleg uteksaminerte kandidatar som har satsa på innovasjon og/eller entreprenørskap. Fordi næringslivet er i ei omstillingsfase, er det særs viktig å gjere NHH-studentane betre i stand til å skape ny verksemd eller hjelpe andre med å få ny verksemd til å vekse.

Formålet med Lehmkuhlstipendet er difor å støtte opp under NHH sine satsingar innan innovasjon og entreprenørskap.

– Vi ser at interessa for innovasjon og entreprenørskap er stigande blant NHH-studentane, seier Therese E. Sverdrup, prorektor for nyskaping og utviklingsarbeid.

Fersk gründer i samtale med store selskap

Etter tre år med arbeid døgnet rundt, lanserer gründer og NHH-student Christian Braathen denne veka vaktplanleggaren arbeidsplanen.no. Han er allereie i samtalar med store selskap.

– Eit framifrå døme

Førsteamanuensane Endre Bjørndal, Aksel Mjøs, Bram Timmermans og prorektor Therese E. Sverdrup sit i juryen. Dei grunngjer tildelinga til Braathen slik:

«Denne masteroppgåva er eit framifrå døme på at forskingsarbeid ved NHH kan være nyttig, relevant, og bidra til nyskaping».

Oppgåva brukar avanserte metodar frå matematisk programmering til å finne personellplanar som, på best mogeleg måte, oppfyller krava i arbeidsmiljølova. Slikt planleggingsarbeid er ei viktig og kompleks utfordring for mange verksemder. Difor, meiner juryen, har oppgåva stor nytteverdi, og den har resultert i ein lovande produktidé.

Juryen skriv:

«Ulike praktiske aspekt, som beregningsmessige utfordringar og korleis ein skal innhente informasjon om preferansar frå arbeidstakarane, er grundig diskuterte i oppgåva, og det vitnar om godt potensial for å lukkast med ideen. Samstundes som oppgåva er innovativ og praktisk retta, så held den også høg vitskapleg kvalitet, ikkje minst ved å gje god oversikt over relevant forsking og diskutere eigne bidrag til denne forskinga».