– Må ta større plass

Olaug Svarva
– Eg ønskjer å dele nokre av mine røynsler etter 35 år i finansbransjen. Det er ein periode der vi har evna noko få andre land har klart, sa styreleiar i DNB Olaug Svarva på Lehmkuhlførelesinga. Ho er ein av landets store finansprofilar. Foto: Helge Skodvin
NHH Av Sigrid Folkestad

4. oktober 2018 14:23

– Må ta større plass

– Til dei kvinnelege studentane vil eg seie: Grip moglegheitene som kjem. De må ta større plass og ta ansvar for å forme morgondagens næringsliv, sa Olaug Svarva på Lehmkuhlførelesinga.

– Næringslivet må vere meir i forkant med å auke mangfaldet. Ein dimensjon ved dette er å sørgje for at det blir fleire kvinner i sentrale posisjonar. Her må det endringar til.

Verdiskapende næringsliv

Dette var eit av sluttpoenga til Olaug Svarva, då ho holdt Lehmkuhlførelesinga 2018: «Velstand 2.0: Verdiskapende næringsliv».

Svarva har vore særs profilert i norsk finans og næringsliv i fleire tiår. Våren 2018 vart ho styreleiar i DNB, etter 12 år som administrerande direktør i Folketrygdefondet. Fondet investerer Statens pensjonsfond Norge på vegne av Finansdepartementet og er den største institusjonelle investoren på Oslo Børs.

Ho har tidlegare vore administrerande direktør i Sparebank 1 Aktiv, forvaltnings- og investeringsdirektør i Sparebank 1 Livsforsikring og finansanalytikar i Carnegie og DNB. Svarva har bachelorgrad frå Trondheim økonomiske høgskole, MBA frå University of Denver og har studert porteføljeforvalting ved NHH Executive.

– Eg ønskjer å dele nokre av mine erfaringar etter 35 år i finansbransjen. Det er ein periode der vi har evna noko få andre land har klart. Vi har på ein gode måte veksla naturressursar til kapital og samtidig utvikla eit konkurransedyktig næringsliv.

Slik innleia Svarva si førelesing til ære for NHHs «far», Kristofer Lehmkuhl.

 

svarva thøgersen
Styreleiar i DNB Olaug Svarva og NHH-rektor Øystein Thøgersen. Foto: Helge Skodvin

Mangfald

Vidare drog ho forsamlinga med i ei historie om norsk økonomi si utvikling, mellom anna om finanskrisa for ti år sidan og om Norge som råvarevarenasjon og kapitalforvaltar. Ho avrunda førelesinga med å sjå inn i framtida. Det er særleg to område som vil påverke samfunnet i tiåra som kjem, sa Svarva, og det er digitalisering og bærekraft/samfunnsansvar.

Og eit ansvarleg samfunns- og næringsliv må ha mangfald, sa Svarva. Då må fleire kvinner inn i leiarroller.

– Verdien av at det er høg kvinneleg arbeidsdeltaking i Norge er stor, og dette bidreg sterkt til at vi har høgare velstand enn andre land. Næringslivet må ta inn over seg at det ikkje berre er ein demokratisk rett at kvinner skal påverke utviklinga av morgondagens næringsliv, det er også lønsamt.

Les Olaug Svarva si Lehmkuhlførelesing 2018.

Oljefondet bør investere i energiaksjar

Ekspertutvalet leia av Øystein Thøgersen har konkludert med at Oljefondet framleis bør investerast i energiaksjar. Finansminister Siv Jensen fekk i dag overlevert utgreiinga.