Fersk gründer i samtale med store selskap

christian braathen
Christian Braathen har utvikla eit system som automatisk lagar vaktlister etter ønskjene til dei tilsette. Namnet på gründerideen er Mycroft, oppkalla etter broren til Sherlock Holmes. Foto: Sigrid Folkestad
NHH Av Sigrid Folkestad

3. september 2018 09:12

Fersk gründer i samtale med store selskap

Etter tre år med arbeid døgnet rundt, lanserer gründer og NHH-student Christian Braathen denne veka vaktplanleggaren arbeidsplanen.no. Han er allereie i samtalar med store selskap.

Masterstudent Christian Braathen hadde jobba i ni år som skiftarbeidar, servitør og vektar. Då kom ideen.

– Eg observerte kor mykje tid leiarar brukte på å sette opp vaktplanar, og at ein del tilsette var misnøgde med vaktene dei fekk. Det var då eg fekk ideen til eit automatisert vaktlistesystem, som tek omsyn til medarbeidarane sine ønske om vakter, seier Braathen.

Christian Braathen
– Det er knallgøy å sette seg mål eg ikkje er i stand til å få til her og no, slik at eg kan pushe meg sjølv vidare, seier Christian Braathen, gründer og masterstudent ved NHH. Foto: Sigrid Folkestad

Den smarte i familien

  • Her ligg arbeidsplanen.no, der kundane kan logge seg på for å få laga vaktplanar.

Å produsere arbeidsplanar er ei utfordrande og svært tidkrevjande oppgåve for leiarar.

– Det er omlag 600 000 skiftarbeidarar i Norge. Ei stor del av desse jobbar i bedrifter med utfordrande bemanning, og det er der vi kjem inn, seier Braathen.

I dag finst det automatiserte program for å lage vaktlister, men ideen til Braathen har eit element som er unikt. Han har utvikla eit system som automatisk lagar vaktlister etter ønskjene til dei tilsette. Namnet på gründerideen er Mycroft, oppkalla etter broren til Sherlock Holmes.

– Mycroft er den smarte i familien, han som finn løysingar på tilsynelatande uløyselege problem.

Og det er akkurat dette systemet gjør for skiftbemanning.

Midt i masterstudiane har han også søkt seg inn på doktorgradsprogrammet ved NHH – og fått plass. Frå hausten 2019 blir det PhD-studiar.

HMS

Braathen er overtydd om at dersom selskap innfører vaktlister med utgangspunkt i preferansane til dei tilsette, vil det slå positivt ut for helse og tryggleik og betre innsatsen hjå medarbeidarane.

– For å produsere slike HMS-fremjande vaktlister, stiller vi tilsette enkle spørsmål om korleis dei likar å jobbe. Når vil dei helst ha vakter,  kven dei ønsker å jobbe med og eit tjuetals andre omsyn. Etter at dei har lagt inn informasjon i programmet, sørgjer systemet for å fordele vaktene på ein måte som er i samsvar med lovar og reglar.

Vil inspirere fremtidens innovatører

NHH vil ha fart i innovasjonslysten hos masterstudentene. Et prestisjekurs med plass til 50 potensielle entreprenører er i gang.

På den måten reduserer Mycroft bemanningskostnader, overtidsarbeid og sjukefråvær.

Sov nesten ikkje

– Det bidreg til å auke omsetnaden, fordi gladare medarbeidarar gir gladare kundar.

Sjølv lever ikkje Braathen etter noko HMS-prinsipp. Over ein lang periode i vårsemesteret sov han ein handfull timar i døgnet. Det har vore mykje arbeid, men resultata byrjar å vise seg.

Cutters tar markedsandeler i full fart

– Lanser et produkt i et marked som er stort nok til at du kan tjene penger, der du kan skille deg ut fra etablerte aktører. Dermed slipper du å gå direkte inn i konkurranse, sier Cutters-gründer Kristian H. Solheim.

Braathen har hatt nokon svært travle år, med masteroppgåve i vår, utvikling av programmet og pitching i konkurransar. Han har hatt møter med aktører i næringslivet ein rekker gonger. Dei to største har mellom 10 000 og 15 000 tilsette.

Algoritmekurs

– Det er knallgøy å sette seg mål eg ikkje er i stand til å få til her og no, slik at eg kan pushe meg sjølv vidare, seier Braathen.

Som då han sommaren 2016 gjekk frå Bergen til Oslo, fordi han ville ha ein utfordring.

Då han skreiv masteroppgåva, fekk han god hjelp av sin rettleiar, førsteamanuensis Mario Guajardo. Samarbeidet gjekk så bra, at Braathen no skal halde gjesteførelesing i kurset Algorithms and computer programming with Python, mellom anna med materiale frå oppgåva.

Mario Guajardo, førsteamanuensis ved Institutt for foretaksøkonomi.
Mario Guajardo, førsteamanuensis ved Institutt for foretaksøkonomi.

– Christian sin kunnskap og kompetanse i matematikk og dataprogrammering er nyttig i arbeidet med ei lang rekke problem og ikkje berre knytt til skiftplanlegging. Eg leiar eit prosjekt med TINE, der vi ser på betring av ulike arbeidsoperasjonar i norsk landbruk. Christian er no ein del av desse studiane, seier Guajardo, forskar ved Institutt for foretaksøkonomi.

Stolt av gründeren

Merksemda har ikkje latt vente på seg. Tidlegare i år fekk han 50 000 kroner i premie i ein konkurranse som Gründerhub arrangerte. Han har også mottatt stønad frå Edgar J. Johannessens fond ved NHH.

Han er no kvalifisert til landsfinalen i Gründerhub med sjanse til å vinne 250 000 kroner. Den går av stabelen under The Nordic Edge Expo i slutten av september. Han har også fått støtte frå Innovasjon Norge.

Braathen meiner NHH si iherdige satsing på innovasjon og entreprenørskap fortener anerkjenning, og han retter ei spesiell takk til prorektor for nyskaping og utviklingsarbeid, Therese E. Sverdrup.

Ho kvitterer på denne måten:

– Vi er stolte over at NHH-studentane i større grad blir entreprenører og bidreg til innovasjoner i bedrifter, og Christian Braathen er eit meget godt eksempel på ein student som både går nye vegar innan entreprenørskap, men han er også ein svært dyktig student som er teken opp på PhD-programmet vårt. Eg hadde Christian som student på bachelor, og han utmerka seg som ein spesielt nysgjerrig og kritisk tenkande student. Det har vore gøy å følgje han i utviklinga av prosjektet sitt, og eg håper han lykkast med Mycroft, seier Sverdrup.

Her kan du sjå Braathen pitche – og vinne – «Gründerhub», ein satsing mellom Bergen Teknologioverføring og Sparebank 1 SR-bank:

Innovasjon - slik kundene opplever det

Norsk Innovasjonsindeks (NII) måler bedriftenes innovasjoner – slik kundene opplever det. Gründere, ledere, og ansatte er opprørt over kundenes dom.