Nominere kandidatar til Lehmkuhlstipendet

Av Astri Inga Kamsvåg

28. juni 2018 13:54

Nominere kandidatar til Lehmkuhlstipendet

Har du gode masterstudentar som skriv oppgåve som handlar om eller bidrar til innovasjon og entreprenørskap? Då kan du nominere dei til Lehmkuhlstipendet. Fristen for å nominere er 31. august, og stipendet er på 25.000 kroner.

Therese Sverdrup, Endre Bjørndal, Aksel Mjøs og Bram Timmermans kårar vinnarene.
Therese Sverdrup, Endre Bjørndal, Aksel Mjøs og Bram Timmermans kårar vinnarene.

Du kan nominere studentar som leverte masteroppgåva hausten 2017 eller vårsemesteret 2018.

Stipendet skal enten gis for ei masteroppgåve eller for ein forretningside lansert på andre måtar. Dersom stipendet blir gitt for ei masteroppgåve, er den faglege kvaliteten på oppgåva viktig. Oppgåva skal direkte eller indirekte bidra til nyskaping. Bidraget kan vere knytt til nye produkt, tenestar eller forretningsmodellar. Alle oppgåver som handlar om innovasjon eller entreprenørskap, kan i utgangspunktet være kandidat til stipendet.

Stigande interesse for innovasjon og entreprenørskap

Kristofer Lehmkuhls Fond for Fremme av Norsk Næringsliv har tidlegare delt ut stipend til NHH-studentar som viser særlige evner som kan fremme norsk næringsliv. Formålet var å heidre studentar som gjorde ein særskilt innsats på et felt av praktisk betydning i ein næringslivssamanheng.

Utdelingane har vore suspendert dei seinare åra fordi det har vore vanskeleg å finne kandidatar. Fondet ønskjer no å ta opp igjen ordninga.

- Vi ser at interessa for innovasjon og entreprenørskap er stigande blant NHH-studentane, seier Therese E. Sverdrup, prorektor for nyskapning og utviklingsarbeid. - Difor relanserer vi no stipendet, forklarar ho.

Ho fortel at NHH tidlegare i år etablerte ein masterprofil i New Business Development. I 2017 starta NHH opp Innovation School i samarbeid med UC Berkely, og i tillegg har vi Gründerskolen som er populær blant studentane.

Ruste studentane for eit næringsliv i omstilling

- Hensikta er sjølvsagt å gjere studentane våre betre i stand til å skape ny verksemd eller hjelpe andre med å få ny verksemd til å vekse. Denne eigenskapen er særs viktig for næringslivet i ei omstillingsfase, forklarar prorektoren.

- Vi håper at Lehmkuhlstipendet vil underbygge NHHs satsingar innan innovasjon og entreprenørskap, legg Therese til.

Stipendet skal være ei ekstra påskjønning til NHH-studentar eller nyleg uteksaminert kandidatar som har satsa på innovasjon og/eller entreprenørskap. Ideen treng ikkje vere sett ut i livet.

Komité er oppretta

NHH og styret i Lehmkuhl-fondet har oppretta ein komité som skal vurdere masteroppgåvene i tråd med retningslinjene og kåre ein vinnar. Stipendet blir overrekt på den årlege Lehmkuhlkonferansen kvar haust.

Komiteen består av
- Aksel Mjøs, førsteamanuensis ved Institutt for finans
- Bram Timmermans, førsteamanuensis ved Institutt for strategi og leiing
- Endre Bjørndal, programleiar for masterstudiet i økonomi og administrasjon
- Therese Sverdrup, prorektor for nyskapning og utviklingsarbeid

Nominer seinast 31. august

Send masteroppgåva og ei grunngjeving for nominasjonen til endre.bjorndal@nhh.no.

Les retningslinjene på nhh.no

Fleire interne nyheiter