#Degòg?

Av Sigbjørn Råsberg, tidlegare studentombod ved NHH

15. november 2017 11:00

#Degòg?

Sidan i sommar har det vore mykje snakk om trakassering og særleg seksuell trakassering. Fleire universitet og høgskular har måtte gå gjennom sine rutinar for korleis denne typen saker skal handsamast. Mange har hatt rutinar for korleis ein skal handsama saker som oppstår mellom tilsette, men diverre har ikkje det i same grad vore formalisert for studentar.

NHH har òg gått gjennom sine rutinar for dette i haust. NHH skal vera ein trygg og inkluderande utdanningsinstitusjon som ikkje berre har høgt fagleg nivå, men òg som tek læringsmiljøet på alvor og stiller krav til tilsette og studentar si framferd overfor kvarandre.

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Åtte prosent av studentane meinte dei hadde blitt utsett for seksuell trakassering frå med-studentar. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Det er viktig at både studentar og tilsette på NHH tek denne problematikken på alvor. Tidlegare i haust vart det presentert tal frå ei undersøking som vart gjennomført på tre universitet og to høgskular som viste at 1 % av studentane meinte dei hadde blitt utsett for seksuell trakassering frå tilsette og 8 % frå med-studentar. Viss desse tala er representative står me overfor alvorlege haldningsproblem som vil kunne få langvarige konsekvensar for dei som vert utsette for trakasseringa.

Om studentombodet

Studentombodet er uavhengig resten av NHH og skal utelukkande ta vare på studentane sine interesser. Ombodet kan hjelpa deg i saker som gjeld studiesituasjonen. Typisk kan dette vera viss du er mistenkt for juks, har blitt nekta utviding av studieretten etc. Ombodet har teieplikt både internt og eksternt. Møte med studentombudet kan avtalast på e-post eller telefon.

Universitets- og høyskoleloven (uhl.) § 4-3 er klar på at «[s]tyret har ansvar for at læringsmiljøet på institusjonen, herunder det fysiske og psykiske arbeidsmiljø, er fullt forsvarlig ut fra en samlet vurdering av hensynet til studentenes helse, sikkerhet og velferd».

Ordlyden i denne føresegna er gjerne ikkje så klar, men i praksis betyr dette at det er ansvaret for at du som student har eit godt læringsmiljø, både fysisk og psykisk, er lagt til aller høgaste nivå i organisasjonen.

Kva er trakassering?

Trakassering er ikkje berre seksuell trakassering. Det inkluderer òg andre former for uønskt, plagsam merksemd som får negative konsekvensar for den som vert utsett for det. Typiske døme vil kunne vera det me gjerne omtalar som mobbing og klåing, men òg det å verta audmjuka, eksponert for bilete etc. som er av ein krenkjande art ol. vil kunne vera trakassering.

Når kan NHH gjera noko?

Det er ikkje klart definert kvar grensa for kva NHH pliktar å ta tak i går. Lovgjevar har slege fast at omgrepet "læringsmiljø" femner om «alle faktorer som kan påvirke studentene i en studiesituasjon». Det vert likevel presisert at «[i]nstitusjonene har imidlertid kun ansvar for de elementer av læringsmiljøet som med rimelighet kan anses å være innenfor utdanningsinstitusjonens kontrollsfære».

Dette betyr likevel ikkje at NHH ikkje pliktar å setja i verk tiltak for å forhindra eller minska trakassering som er utanfor eigen kontroll. Likestillingsloven § 8 slår mellom anna fast at «Trakassering på grunn av kjønn og seksuell trakassering er forbudt», samt at leiinga ved utdanningsinstitusjonar i stor grad pliktar å «forebygge og søke å hindre at det forekommer trakassering», jf. § 15.

Viss ein student vert trakassert av ein med-student eller tilsett på institusjonen, er det mykje som tilseier at utdanningsinstitusjonen har ei plikt til å gripa, sjølv om handlinga har skjedd på fritida og utanfor skulen sitt område. Dette fordi det å kunne møta på den eller dei som har trakassert deg vil verka inn på det psykososiale læringsmiljøet og slik indirekte involvera studiekvardagen.

Kva kan vera konsekvensen?

Rektoratet på NHH har vore tydeleg på at trakasserande åtferd ikkje vert akseptert, anten det er mellom studentar eller mellom student og tilsett. I yttarste konsekvens opnar uhl. § 4-8 fyrste ledd for stengja studentar som «gjentatte ganger opptrer på en måte som virker grovt forstyrrende for medstudenters arbeid eller for virksomheten ved institusjonen elles» ute i inntil eitt år.

I ein dom frå Asker og Bærum tingrett frå 2016 vart ein 18 år gamal gut dømt til 90 dagar fengsel på vilkår, 5 000 kr i bot og inndraging av mobiltelefonen for brot på strl. § 266 etter å ha teke eit seksualisert bilete av to andre og spreidd biletet via Snapchat.

Kva gjer du viss du vert utsett for trakassering?

Konfronter den som utset deg for uønskt merksemd. Gjer det klart at dette ikkje er greitt og at det må ta slutt.

Viss du ynskjer å gå vidare med saka, eller på annan måte treng støtte,  kan du ta kontakt med nokon du stolar på. Dette kan til dømes vera ein venn eller ei venninne, kursansvarleg, studierettleiar, meg som studentombod eller andre. Me vil hjelpa deg og kunne setja deg i kontakt med andre viss det er naudsynt.

Sigbjørn Råsberg var studentombod ved NHH frå 2016 til juni 2020.

Les meir om trakassering på NHH sine nettsider

Les også Juks på eksamen

 

Tilbake til studentombod