Overgang mellom masterprogramma

Overgang mellom masterprogramma

Dersom du har fått tilbod om opptak til eit av masterprogramma ved NHH, men har ombestemt deg og ønsker overgang til det andre masterprogrammet, må du søke om å få innvilga overgang.

Søknadsfristar

!

10. desember for overgang til vårsemesteret

15. juni for overgang til haustsemesteret

slik søker du 

Du vil finne lenke til søknadsskjema på denne sida frå 1. juni for overgang til haustsemesteret og frå 1. desember for overgang til vårsemesteret. 

VILKÅR FOR OVERGANG FRÅ MØA TIL MRR

  1. Du må søke overgang i ditt andre semester på MØA, med oppstart på MRR i ditt tredje semester. 
  2. For å få godkjent overgang frå MØA til MRR, må du ved overgangen ha gjennomført følgjande emne:
    - ACC401N Finansregnskap I/ACC401E Financial Accounting I
    - ACC402N Internkontroll og revisjon/ACC402E Internal Control and Audit
    - ACC440 Foretaksrett
    - ACC441 Skatte- og avgiftsrett
    - minst ytterlegare eitt emne frå Regnskapsrapportering-kategorien
    - minst eitt emne frå kategorien Verdsettelse og analyse
    - Dersom du ved overgangen ikkje har gjennomført minst eitt metodeemne frå emneoversikta for MRR, må du gjere dette etter overgangen.
  3. Dersom du har bachelorgrad frå ein annan lærestad enn NHH og har fått tilbod om opptak gjennom det eksterne masteropptaket, må du fylle opptakskrava som gjaldt for programmet du ønsker overgang til, på det tidspunktet du fekk tilbod om opptak. Både fagkrav og karakterkrav må fyllast. Les om opptakskrava for MRR, toårig løp her.

VILKÅR FOR OVERGANG frå MRR til MØA

  1. Du kan søke overgang til både vår- og haustsemesteret.
  2. Dersom du har bachelorgrad frå ein annan lærestad enn NHH og har fått tilbod om opptak gjennom det eksterne masteropptaket, må du fylle opptakskrava som gjaldt for programmet du ønsker overgang til, på det tidspunktet du fekk tilbod om opptak. Både fagkrav og karakterkrav må fyllast. Les meir om opptakskrava for MØA her.  

svar på søknaden

Du får svar på søknaden i medio juli dersom du melder overgang til haustsemesteret, og 1. januar dersom du melder overgang til vårsemesteret.

Fullføre begge masterane?

Dersom du ønsker å fullføre masterprogrammet du opphavleg fekk opptak/overgang til, for så å søke opptak til det andre masterprogrammet, skal du ikkje melde intern overgang, men søke opptak til det andre masterprogrammet som ekstern søkar på vanleg måte og fylle både fagkrav og karakterkrav.

Les meir om

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no