Landeinformasjon

Landeinformasjon

Skal du på utveksling På denne sida finn du generell informasjon om land der NHH har utvekslingsavtaler.

  • Argentina

    Argentina

    I Argentina kan du dra på utveksling til Universidad Torcuato di Tella.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: august- desember
    • Vårsemester: mars - juli 

    Gradsstruktur

    • I Argentina er bachelorgradane fire- eller femårige (licenciado), medan mastergradane kan vara enten eit år (especialización) eller to år (maestría).

    Studiepoengsystem 

    • 4 kurs er det same som 30 studiepoeng.

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er spansk, og få program vert tilbydde på engelsk. Du vil måtte stadfesta spansknivået ditt for å dra på utveksling. 

    Nyttige lenkjer

  • Brasil

    Brasil

    I Brasil kan du dra på utveksling til Fundacao Getulio Vargas (FGV).

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: august- desember
    • Vårsemester: mars - juli 

    Gradsstruktur

    • I Brasil er bachelorgradane fire- eller femårige (bacharelado eller licenciatura), medan mastergradane kan vara enten eit eller to år (mestrado).

    Studiepoengsystem 

    • 12 brasilianske credits er det same som 30 studiepoeng.

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er portugisisk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk

    Nyttige lenkjer

  • Belgia

    Belgia

    I Belgia kan du dra på utveksling til KU Leuven, Universiteit AntwerpenUniversité Catholique de Louvain eller Université de Liège.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: slutten av september - slutten av januar
    • Vårsemester: februar til juni

    Gradsstruktur

    • Flandern og Vallonia fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Belgia. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Ved flamske universitet vert nederlandsk ofte brukt som undervisningsspråk, men mange masterprogram vert òg tilbydde på engelsk. Fransk er ofte hovudspråket ved vallonske universitet. 

    Nyttige lenkjer

  • Chile

    Chile

    I Chile kan du dra på utveksling til Pontifica Universidad Catolica de Chile (PUC)

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: august- desember
    • Vårsemester: mars - juli 

    Gradsstruktur

    • I Chile er bachelorgradane fireårige (licenciatura), medan mastergradane kan vara enten eit eller to år.

    Studiepoengsystem 

    • 40 chilenske credits er det same som 30 studiepoeng.

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er spansk, og få program vert tilbydde på engelsk. Du vil måtte stadfesta spansknivået ditt for å dra på utveksling. 

    Nyttige lenkjer

  • Costa Rica

    Costa Rica

    I Costa Rica kan du dra på utveksling til INCAE Business School

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: august- desember
    • Vårsemester: februar - juli 

    Gradsstruktur

    • I Costa Rica er bachelorgradane fireårige (licenciatura), medan mastergradane varer i to år (maestría).

    Studiepoengsystem 

    • 15 Costa Rica credits er det same som 30 studiepoeng.

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er spansk, og få program vert tilbydde på engelsk. Du vil måtte stadfesta spansknivået ditt for å dra på utveksling. 

    Nyttige lenkjer

  • Danmark

    Danmark

    I Danmark kan du dra på utveksling til Handelshøjskolen i København (CBS), Handelshøjskolen i Århus eller Syddansk Universitet.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: august - desember
    • Vårsemester: januar - mai/juni

    Gradsstruktur

    • Danmark fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Danmark. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er dansk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk

    Nyttige lenkjer

  • England

    England

    I England kan du dra på utveksling til Imperial College Business School, Lancaster University, Newcastle University eller University of Surrey.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: september - desember
    • Vårsemester: januar - mai

    Gradsstruktur

    • England fylgjer den europeiske bachelorstrukturen. Mastergradar varer ofte 9. mnd. (postgraduate diploma) eller 12. mnd. (postgraduate taught/research).

    Studiepoengsystem 

    • 60 engelske credits er det same som 30 studiepoeng.

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er engelsk. Du treng ikkje ta TOEFL-test for å dra på utveksling til England, men du vil trenga stadfesting på engelskkunnskapar frå Seksjon frå internasjonale relasjonar, og betre enn 4 i engelsk frå vidaregåande.

    Nyttige lenkjer

  • Estland

    Estland

    I Estland kan du dra på utveksling til Estonian Business School eller University of Tartu.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: august/september- desember
    • Vårsemester: januar - mai/juni

    Gradsstruktur

    • Estland fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Estland. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er estisk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk

    Nyttige lenkjer

  • Georgia

    Georgia

    I Georgia kan du dra på utveksling til ISET.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: september - desember
    • Vårsemester: januar/februar - juni/juli

    Gradsstruktur

    • Georgia fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Georgia. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er engelsk
  • Hellas

    Hellas

    I Hellas kan du dra på utveksling til Athens University of Economics and Business.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: oktober - januar 
    • Vårsemester: februar - juni

    Gradsstruktur

    • Hellas fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Hellas. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er gresk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk

    Nyttige lenkjer

  • Island

    Island

    I Island kan du dra på utveksling til Reykjavik University.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: august - desember
    • Vårsemester: januar - mai/juni

    Gradsstruktur

    • Island fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Island. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er islandsk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk

    Nyttige lenkjer

  • Japan

    Japan

    I Japan kan du dra på utveksling til Akita International University, Keio University, Kobe University, Nagoya University of Commerce and Business eller Rikkyo University.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: september - januar/februar
    • Vårsemester: mars/april - august

    Gradsstruktur

    • I Japan er bachelorar (gakushi) vanlegvis fireårige, medan mastergradar (shushi) er toårige. 

    Studiepoengsystem 

    • Japanske universitet har ikkje eit felles poengsystem. Ved Akita, Kobe og Rikkyo er 15 credits det same som 30 studiepoeng, medan ved Keio er 14 credits det same som 30 studiepoeng. Ved Nagoya er 20 credits det same som 30 studiepoeng.

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er ofte japansk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk.

    Nyttige lenkjer

  • Latvia

    Latvia

    I Latvia kan du dra på utveksling til University of Latvia.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: september - desember
    • Vårsemester: januar - mai

    Gradsstruktur

    • Latvia fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Latvia. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er som regel latvisk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk.

    Nyttige lenkjer

  • Litauen

    Litauen

    I Litauen kan du dra på utveksling til Vytautas Magnus University.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: september - desember
    • Vårsemester: januar - mai

    Gradsstruktur

    • Litauen fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Litauen. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er som regel litauensk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk.

    Nyttige lenkjer

  • Polen

    Polen

    I Polen kan du dra på utveksling til Cracow University of Economics eller Warsaw School of Economics (SGH).

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: oktober - januar 
    • Vårsemester: februar - juli 

    Gradsstruktur

    • Polen fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Polen. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er som regel polsk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk.

    Nyttige lenkjer

  • Tsjekkia

    Tsjekkia

    I Tsjekkia kan du dra på utveksling til VSE Prague University of Economics and Business.

    Akademisk kalender 

    • Haustsemester: september- februar
    • Vårsemester: februar - juli 

    Gradsstruktur

    • Tsjekkia fylgjer den europeiske bachelor-/master-strukturen

    Studiepoengsystem 

    • ECTS-poeng (European Credit Transfer and Accumulation System) vert brukt som standard i Tsjekkia. 1 ECTS er lik 1 norsk studiepoeng. 

    Undervisningsspråk

    • Undervisningsspråket er ofte tsjekkisk, men mange program vert òg tilbydde på engelsk

    Nyttige lenkjer