Internship abroad programme

Internship abroad programme

Internship Abroad-programmet gjev NHH-studentar tilbodet om internships av høg kvalitet i utlandet.

!

Søknadsfrist for vårsemesteret er 1 desember.

Søknadsfrist for haustsemesteret og sommarperioden er 30 april. 

Kursskildringar

Kursa vert tilbydde som ein valfri del av bachelor- og mastergradane i økonomi og administrasjon og mastergraden i rekneskap og revisjon. Kvart kurs er verdt 7,5 studiepoeng.

Bachelorkursa består av ein teoretisk modul, ein refleksjonsblogg og ein rapport. Alle arbeidsoppgåvene vil reflektera rundt erfaringa og lærdommane av å arbeida i utlandet. I masterkurset er den teoretiske modulen delt i to mellom eit interkulturelt gruppearbeid og undervisning av økonomiske- og administrasjonsteori i praksis.

Internship Abroad bachelorkurs (INTERN-A-B)

Internship Abroad masterkurs (INTERN-A-M)

Informasjonsmøte

Kvar haust har me eit informasjonsmøte om Internship Abroad. Her du finn opptak frå det siste informasjonsmøtet i oktober 2023:

Video - Infomøte

Presentasjonen ligger på Canvas under «International Opportunities at NHH».

Fremgangsmåte til å bli med på kurset: 

1. Finn eit internship, søk og få tilbod

2. Send inn skjema om godkjenning av internshippet:

SØKNAD OM GODKJENNING AV INTERNSHIP

3. Få svar

4. Delta i Pre-Departure Workshop (neste 15. desember kl 14-17)

Finn ditt eige internship

Alle internships vert tilbydde av samarbeidspartnarane til Karrieresenteret, og vert godkjente som ein del av INTERN A-B og INTERN A-M. Me godkjenner i tillegg praksis ved Utanriksdepartementet.

Det er òg mogleg å arrangera ditt eige internship, men hugs at dette må vera godkjent på førehand.

Du finn internships blant anna her:

Godkjenning av internship

Alle studentar som ønsker å ta INTERN-A-B eller INTERN-A-M kursa må søka til Karrieresenteret om førehandsgodkjenning.

Frist for å søka om internship-godkjenning:

  • 1 desember for vårsemesteret
  • 30 april for sommarperioden og haustsemesteret

Du treng ikkje å ha fått tilbod om internship før du søkjer om godkjenning.

Her finner du et eksempelet av en internship kontrakt

Søknad om godkjenning av internship

Plikter og krav

  1. Internship må dekkja eit minimum av 150 arbeidstimar på eit profesjonelt nivå.
  2. Du må få utdelt ein eller fleire krevjande prosjekt som skal vera utført sjølvstendig. Dette er spesielt viktig for dei som tek masterkurset INTERN-A-M.
  3. Oppgåvene i internship må vera innanfor fagområda økonomi og administrasjon.
  4. Du kan ikkje ha internship i eit land der du har statsborgarskap.
  5. Du må ha ein kontaktperson ved firmaet eller institusjonen der du er intern.
  6. Du må leggja til ein kopi av arbeidskontrakten når du søkjer om godkjenning.
  7. Du må ha reise- og helseforsikring som dekkjer heile perioden i utlandet.

Andre generelle reglar

  • Studentar som tek INTERN-A-B eller INTERN-A-M, må informera Karrieresenteret viss noko uventa oppstår som kan påverka den planlagde praksisperioden.
  • Norske fulltidsstudentar kan ta internship som ein del av både bachelor- og mastergradane ved NHH. Internasjonale fulltidsstudentar kan berre ta internship som ein del av mastergraden ved NHH. 
  • INTERN-A-B og INTERN-A-M er valfag i høvesvis bachelor- og masterprogramma.
  • Internship kan vera enten betalte og ubetalte.
  • INTERN-A-M-kurset kan ikkje vera kombinert med følgande kurs: NHHs Innovation School, UiOs Gründerskolen eller UiOs Sosialt entreprenørskap.
  • Du kan ta INTERN-A-M og ENEINT som ein del av mastergraden din, men mykje av kursarbeidet må vera basert på to ulike internships.
  • Internships gjennomført tidlegare er ikkje kvalifisert for godkjenning. Årsaka er at mykje av kursarbeidet går føre seg i internshipperioden.
  • Studiepoenga kan ikkje vera delte. Det vil seia at me ikkje kan registrera 5 ECTS for praksisdelen eller 2,5 ECTS for teoridelen åleine.
  • CEMS internships kan verta godkjende som INTERN-A-M dersom dei varer lenge nok.
  • Du må levera kursrapporten og firmaevalueringa i semesteret etter internship. Dersom studenten er i siste semester, må rapporten og evalueringa vera levert innan siste semester.
  • Internship-kursa er spreidde over to semester. Du vil delta i et obligatorisk «pre-departure workshop» i eit semester og deretter internship og dei akademiske kursa i neste semester. Workshop varer omtrent 4,5 timer og foregår digitalt. 
  • Internships som vert tekne i sommarferien, vert registrerte om hausten.
  • Internship-kursa vert innpassa i graden din når me får rapporten og evalueringa.

Pre-Departure OG Re-ENTRY Workshops

Det er obligatorisk å delta på pre-departure workshop før du begynner internshipet og på re-entry workshopen etter internshipet. Pre-departure workshop vert arrangert to gonger i året, vanlegvis i juni og desember. Når du er ferdig med praksisperioden din, vert du invitert til ein ny workshop (Re-entry). Begge workshops foregår digitalt. Her vil du få hjelp til å reflektera rundt jobberfaringa og på kva forskjellige måtar dette kan hjelpa deg å verta ein ansvarleg student. I tillegg vil du få hjelp til å effektivt kommunisera denne jobberfaringa i jobbintervju.

Finansiering av internship

Dersom du tek internship i Europa, kan du få Erasmus+ Traineeship stipend.

Sjekk om du kvalifiserer her.

Forsikring under opphald i utlandet

Du er sjølv ansvarleg for helse- og reiseforsikring når du er i utlandet, inkludert reiser til og frå vertslandet.

Visum, bustad og reise

Du er sjølv ansvarleg for å arrangera bustad, reiser og eventuelle visum.

Internship under utvekslingsopphald – Intern Abroad Japan

Du kan kombinera internship med utvekslingsopphald i Japan ved Rikkyo University. NHH har ein avtale med Handelskammeret i Japan som arrangerer internships for våre studentar hjå ein av samarbeidspartnarane deira før utvekslingsopphaldet ved Rikkyo byrjar. Masterstudentar kan delta i haustsemesteret. Studentar som deltek i programmet, vil ha eit fulltids internship på minst fire veker før dei byrjar på vertsuniversitetet. Om hausten byrjar semesteret i midten av september. Ver merksam på at berre studentar frå land som er fritekne frå visum til Japan, kan delta.

For å delta må du søka om utveksling innan den generelle utvekslingsfristen 1. februar. Du må ha med eit motivasjonsbrev for internship i tillegg til eit motivasjonsbrev for utveksling. Handelskammeret og NHH vel firma til deg basert på bakgrunnen din og eventuell tidlegare jobberfaring. Ver obs på at du òg må delta på obligatoriske workshops før avreise.