Vitnemål, karakterutskrift og rangering

Vitnemål, karakterutskrift og rangering

Når du har oppnådd ein grad ved NHH får du tilsendt ditt vitnemål på papir. Vitnemålet ditt er eit verdipapir, og utstedast kun ein gong.

Utdanningsplanen din i Studentweb er det som vert utgangspunktet for vitnemålet ditt etter at grada er fullført.

Vitnemålet ditt sendast rekommandert i posten til adressa du har registrert som heimeadressa di i Studentweb. Digitale karakterutskrifter og vitnemål kan du enkelt hente ut frå Vitnemålsportalen. Alternativt kan du tinge eit duplikat av vitnemålet ditt.

  • Produksjon av vitnemål

    Produksjon av vitnemål

    Alle som melder overgang til masterstudiet, melder opphald eller melder frå at dei sluttar på studiet etter oppnådd bachelorgrad, vil få registrert fullført grad og utskrevet vitnemål.

    Vitnemålet er utferda på norsk. Ved behov for engelsk variant kan Diploma Supplement nyttast.  

    NHH registrerer graden som fullført etter at klagefristen er passert for studiet ditt, og etter eventuelle klagar er ferdig handsama. Vitnemåla er vanlegvis klare i september/oktober, og februar/mars.

    Du mister studieretten når NHH registrerer graden som fullført, og du vil difor ikkje kunne gå opp til fleire eksamenar i graden. Unntaket er MRR-studentar som kan søkje om poststudierett. 

    Du vil miste tilgongen til IT-systema på så snart graden din er registrert som fullført, eller etter at studieretten din tek slutt.  Vi oppmanar deg difor til å lagre viktig informasjon frå student e-posten i forkant.

  • Tilsending av vitnemålet

    Tilsending av vitnemålet

    Adressa hentes ikkje frå folkeregisteret. Du må sjølv hugse å oppdatere adressa i Studentweb, slik at vitnemålet sendast til rett adresse. Informasjon om korleis andre kan hente rekommandert brev, dersom du ikkje kan hente sjølv, finn du på posten.no. (ekstern lenke) 

  • Vitnemålsportalen

    Vitnemålsportalen

    I Vitnemålsportalen kan du sjølv hente ut resultat frå utdanninga di og dele dei med studiestader, potensielle arbeidsgjevarar og andre relevante partar digitalt. Tenesta kan nyttast både av noverande og tidlegare studentar med norsk personnummer. 

    Resultat frå og med hausten 2005 er fullstendige. Tidlegare resultat er i nokre tilfelle ufullstendige og kan diverre ikkje oppdaterast. Du kan då kontakte eksamen@nhh.no. 

    Du får som hovudregel ikkje tilsendt signert karakterutskrift etter at du har fått vitnemål. Treng du likevel ei signert karakterutskrift på papir i samband med søknad til studier eller liknande, må denne tingast på Studentweb. Du kan velje kva språk du vil ha utskrifta på. Handsamingstida skjer hos servicesenteret, og tek inntil ei veke.  

  • Karakterutskrift

    Karakterutskrift

    Du kan sjølv laste ned ein digital karakterutskrift gjennom Vitnemålsportalen eller frå Studentweb.

    Den digitale signaturen på karakterutskrifta er like gyldig som stempel og signatur frå ein papirutskrift.

    Bestilling av karakterutskrift frå Studentweb

    1. Logg inn på Studentweb.
    2. Vel Bestillingar i menyen øvast på sidan.
    3. Etter 10 minuttar vil den digitale utskrifta være tilgjengeleg under Dokumenter.

    Bestilling av karakterutskrift frå Vitnemålsportalen

    1. Logg inn på Vitnemålsportalen.
    2. Vel kva resultat du ønsker å dele.
    3. Generer ei lenke og del dei med ønskt mottakar.
    4. Du og mottakaren får ei lenke og ein unik kode for å få tilgang til resultata.

    Sjå ein demonstrasjon av korleis du deler resultat frå Vitnemålsportalen via lenke.

  • Utdanningsplan

    Utdanningsplan

    Oppsettet i utdanningsplanen din i Studentweb er det som vert utgangspunktet for vitnemålet ditt. Det er difor viktig at denne er korrekt før du er ferdig med graden din. 

    I oppmeldingsperioda før kvart semester kan du oppdatere utdanningsplanen din sjølv. Dersom du ynskjer å gjere endringar undervegs i semesteret, kan du ta kontakt med studierettleiar ved å sende ein e-post til student@nhh.no. 

    Har du tatt fleire kurs enn du kan få med i graden, må du sjølv rydde i utdanningsplanen.  Fristen for dette er 15.august dersom du fullfører i vårsemesteret og 15. januar dersom du fullfører i haustsemesteret. Om du ikkje ordner dette før frista, gjer me ei prioritering. 

    Kurs frå utveksling, og innpassa emne vert viste som innpassa på vitnemålet utan karakter.  Karakterane på innpassa kurs får du frå skulen du utveksla til eller der du har innpassa kurs frå.  Dersom du har fått innpassa fag, men likevel tek tilsvarande kurs på NHH, vil vedtaket om innpass falle bort. 

  • Duplikat av vitnemålet

    Duplikat av vitnemålet

    Vitnemål utstedes kun éin gong. Dersom du av ulike årsakar må erstatte vitnemålet ditt, kan du bestille eit duplikat.

    Duplikat av vitnemålsdokument kostar 1000 kronar. Betaling skal skje via Vipps til #529327 NHH før dokumentet vert utferda. Merk betalinga "Vitnemål".

    Handsamingstid er inntil 3 veker. Vi gjer deg merksam på at bestillinga er bindande.

    Vi tilbyr stadfesting av grad som eit kostnadsfritt alternativ. Det kan du få ved å ta kontakt på student@nhh.no.

  • Rangering

    Rangering

    Nokre utanlandske institusjonar og arbeidsgjevarar kan kreve ei stadfesting av rangeringa di opp imot studentar på same studiekull. Om du treng ei slik stadesting, kan du sende inn ei bestilling ved å fylle ut skjemaet nedanfor.

    Bestillingsskjema kullrangering

    Brevet vil inneholde informasjon om studieprogrammet du har fullført, om kva studieprogram du er på no om du framleis studerar ved NHH, og om rangeringa di relativt til andre studentar på same kull.

    Merk at kullrangering for augeblikket ikkje vert tilbyd til studentar på masterstudiet i rekneskap og revisjon.

Utferding av vitnemål for studentar med oppstart hausten 2018 og seinare, er regulert av Forskrift om fulltidsstudiene § 7-1 Vitnemål (ekstern lenke).