Vitnemål, karakterutskrift og rangering

Vitnemål, karakterutskrift og rangering

Når du har oppnådd ei grad ved NHH, vert vitnemålet tilgjengeleg digitalt. Det vert tilgjengeleg i september/oktober for studentar som fullfører om våren, og februar/mars for studentar som fullfører om hausten.

Utdanningsplanen din i Studentweb er det som er utgangspunktet for vitnemålet ditt etter at din grad er fullført.

Du kan enkelt hente ut digitale karakterutskrifer og vitnemål frå Vitnemålsportalen.

Har du behov for vitnemål på papir kan du bestilla dette ved å fylla ut webskjema lengre nede på sida.

Har du allereie fått tilsendt vitnemålet i papirformat kan du bestille ein duplikat av vitnemålet ditt.

  • Produksjon av vitnemål

    Produksjon av vitnemål

    Alle som melder overgang til masterstudiet, melder opphald eller melder frå at dei sluttar på studiet etter oppnådd bachelorgrad, vil få registrert fullført grad og digitalt vitnemål vil bli produsert.

    Vitnemålet er utferda på norsk. Ved behov for engelsk variant kan Diploma Supplement nyttast.  

    NHH registrerer graden som fullført etter at klagefristen er passert for studiet ditt, og etter eventuelle klagar er ferdig handsama. Vitnemåla er vanlegvis klare i september/oktober, og februar/mars.

    Du mister studieretten når NHH registrerer graden som fullført, og du vil difor ikkje kunne gå opp til fleire eksamenar i graden. Unntaket er MRR-studentar som kan søkje om poststudierett. 

    Du vil miste tilgongen til IT-systema på så snart graden din er registrert som fullført, eller etter at studieretten din tek slutt.  Vi oppmanar deg difor til å lagre viktig informasjon frå student e-posten i forkant.

  • Vitnemålsportalen

    Vitnemålsportalen

    I Vitnemålsportalen kan du sjølv hente ut resultat frå utdanninga di og dele dei med studiestader, potensielle arbeidsgjevarar og andre relevante partar digitalt. Tenesta kan nyttast både av noverande og tidlegare studentar med norsk personnummer. 

    Resultat frå og med hausten 2005 er fullstendige. Tidlegare resultat er i nokre tilfelle ufullstendige og kan diverre ikkje oppdaterast. Du kan då kontakte eksamen@nhh.no. 

    Du får som hovudregel ikkje tilsendt signert karakterutskrift etter at du har fått vitnemål. Treng du likevel ei signert karakterutskrift på papir i samband med søknad til studier eller liknande, må denne tingast på Studentweb. Du kan velje kva språk du vil ha utskrifta på. Handsamingstida skjer hos servicesenteret, og tek inntil ei veke.  

  • Karakterutskrift

    Karakterutskrift

    Du kan sjølv laste ned ein digital karakterutskrift gjennom Vitnemålsportalen eller frå Studentweb.

    Den digitale signaturen på karakterutskrifta er like gyldig som stempel og signatur frå ein papirutskrift.

    Bestilling av karakterutskrift frå Studentweb

    1. Logg inn på Studentweb.
    2. Vel Bestillingar i menyen øvast på sidan.
    3. Etter 10 minuttar vil den digitale utskrifta være tilgjengeleg under Dokumenter.

    Bestilling av karakterutskrift frå Vitnemålsportalen

    1. Logg inn på Vitnemålsportalen.
    2. Vel kva resultat du ønsker å dele.
    3. Generer ei lenke og del dei med ønskt mottakar.
    4. Du og mottakaren får ei lenke og ein unik kode for å få tilgang til resultata.

    Sjå ein demonstrasjon av korleis du deler resultat frå Vitnemålsportalen via lenke.

  • Utdanningsplan

    Utdanningsplan

    Oppsettet i utdanningsplanen din i Studentweb er det som vert utgangspunktet for vitnemålet ditt. Det er difor viktig at denne er korrekt før du er ferdig med graden din. 

    I oppmeldingsperioda før kvart semester kan du oppdatere utdanningsplanen din sjølv. Dersom du ynskjer å gjere endringar undervegs i semesteret, kan du ta kontakt med studierettleiar ved å sende ein e-post til student@nhh.no. 

    Har du tatt fleire emne enn du kan få med i graden, må du sjølv rydde i utdanningsplanen.  Fristen for dette er 15.august dersom du fullfører i vårsemesteret og 15. januar dersom du fullfører i haustsemesteret. Om du ikkje ordner dette før frista, gjer me ei prioritering. 

    Emne frå utveksling, og innpassa emne vert viste som innpassa på vitnemålet utan karakter. Karakterane på innpassa emne får du frå skulen du utveksla til eller der du har innpassa kurs frå.  Dersom du har fått innpassa emne, men likevel tek tilsvarande emne på NHH, vil vedtaket om innpass falle bort. 

  • Duplikat av vitnemålet

    Duplikat av vitnemålet

    Frå og med hausten 2023 blir berre vitnemålet produsert digitalt. Dersom du tidligare har fått utskrevet papir vitnemål og av ulike årsakar må erstatte vitnemålet ditt, kan du bestille eit duplikat.

    Duplikat av vitnemålsdokument kostar 1000 kronar. Betaling skal skje via Vipps til #529327 NHH før dokumentet vert utferda. Merk betalinga "Vitnemål".

    Handsamingstid er inntil 3 veker. Vi gjer deg merksam på at bestillinga er bindande.

    Vi tilbyr stadfesting av grad som eit kostnadsfritt alternativ. Det kan du få ved å ta kontakt på student@nhh.no.

  • Vitnemål på papir

    Vitnemål på papir

    Frå og med haustsemesteret 2023 vil vitnemål og karakterutskrifter frå NHH vere digitale. Det betyr at du vil finne dine resultat og oppnådd grad på Vitnemålsportalen og Studentweb. Gjennom vitnemålsportalen kan du dele dine resultater (karakterer) og grader (vitnemål) med andre ved behov.

    Har du behov for vitnemål på papir kan du bestille dette ved å fylle ut webskjema nedenfor.

    Bestillingsskjema vitnemål på papir

    Dersom du opplever problemer med webskjema vennligst ta kontakt med seksjon for eksamen på eksamen@nhh.no.

    Vennligst merk at vitnemål på papir kun kan bestilles en gang.

  • Tilsending av papirvitnemål

    Tilsending av papirvitnemål

    Dersom du har bestilt vitnemål på papir så må du sjølv hugse å oppdatere adressa di i Studentweb, slik at vitnemålet vert sendt til rett adresse. Vi hentar ikkje adresser frå folkeregisteret. Informasjon om korleis andre kan hente rekommandert brev, dersom du ikkje kan hente sjølv, finn du på posten.no. (ekstern lenke)  

  • Rangering

    Rangering

    Nokre utanlandske institusjonar og arbeidsgjevarar kan kreve ei stadfesting av rangeringa di opp imot studentar på same studiekull. Om du treng ei slik stadesting, kan du sende inn ei bestilling ved å fylle ut skjemaet nedanfor.

    Bestillingsskjema kullrangering

    Brevet vil inneholde informasjon om studieprogrammet du har fullført, om kva studieprogram du er på no om du framleis studerar ved NHH, og om rangeringa di relativt til andre studentar på same kull.

    Merk at kullrangering for augeblikket ikkje vert tilbyd til studentar på masterstudiet i rekneskap og revisjon.

Utferding av vitnemål for studentar med oppstart hausten 2018 og seinare, er regulert av Forskrift om fulltidsstudiene § 7-1 Vitnemål (ekstern lenke).