Adgangsbegrensa emne bachelor

Adgangsbegrensa emne bachelor

Nokre emne i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon (BØA) er adgangsbegrensa og har derfor ein tidlegare frist enn andre emne.

ADGANGSBEGRENSA EMNE hausten 2026

Det er ingen emne på bachelornivå som er adgangsbegrensa hausten 2026. 

Søknadsfrist

!

Måndag 5. januar

Søkeportal

Søk opptak frå 20. desember (Søknadsweb)

Slik søker du

Dersom du ønsker å ta emnet for første gong:
  1. Logg deg inn i SøknadsWeb
  2. Vel Adgangsbegrensede emner - Adgangsbegrensede emner bachelor.
  3. Du kan velje inntil tre emne å søke på, og du må prioritere mellom emna. Du kan få tildelt plass i maksimalt to av emna du søker på. Du må skrive kor mange emne du ønsker å få tilbod på. Skriv "7,5" dersom du ønsker tilbod på eitt emne; skriv "15" dersom du ønsker tilbod på to emne.
  4. Du må gi beskjed i merknadsfeltet dersom du:
  • har tatt eksamenar for første gong haustsemesteret 2025 som du manglar sensur på per 5. januar (hugs å skrive kva eksamenar dette gjeld)
  • har vore på utveksling på bachelornivå haustemesteret 2025 og studiepoenga ikkje er registrert per 5. januar
Du er sjølv ansvarleg for å gi beskjed i merknadsfeltet dersom du høyrer til ein eller fleire av desse gruppene. 
 
Vi oppmodar deg om å søke opptak så snart søkeportalen opnar, slik at det vert mest mogeleg tid til å sakshandsame søknadane.

TILBOD OM PLASS OG OPPSTART

  • Du får svar på søknaden på e-post fredag 9. januar.
  • Dersom du får tilbod om plass, men ikkje ønsker plassen, må du takke nei i Søknadsweb innan utgangen av søndag 11. januar. Då frigjer du plassen til ein student på venteliste.
  • Dersom du ikkje takkar nei innan fristen, vert du undervisings- og vurderingsmeldt i emnet i løpet av måndag 12. januar. Du vil få tilgang til emnet i Canvas 13. januar, så lenge emneansvarlig har aktivert emnet. 
  • Dei adgangsbegrensa emna har oppstart tidlegast i veke 3. Du finn nøyaktig timeplan for emna på nettsidene.

Kontinuasjonseksamen?

Dersom du ønsker å melde deg til kontinuasjonseksamen i eit adgangsbegrensa emne, skal du ikkje følge framgangsmåten over. Send i staden ein e-post til opptak@nhh.no der du opplyser om kva eksamen du ønsker å ta om igjen så melder vi deg opp.

Svar på søknaden

Du får svar på søknaden fredag 9. januar kl. 16. Dersom emnet har oppstart seint i semesteret, vil du få svar i god tid før oppmeldingsfristen 1. september (haust)/1. februar (vår). Svar på søknaden kjem på e-post.

Kven får tildelt plass?

Plassane vert delt likt mellom følgande grupper med søkarar:

  • Ordinære bachelorstudentar
  • Studentar på utvekslingsopphald på bachelor ved NHH

Dersom det ikkje er nok studentar til å fylle opp plassane i ei gruppe, går plassane til studentar frå den andre gruppa.

Dersom det er fleire søkarar enn plassar i ei av gruppene, gjeld følgande:

  • Ordinære bachelorstudentar: studentane vert rangert etter talet på studiepoeng dei har avlagt på bachelor
  • Studentar på utvekslingsopphald ved NHH : det vert trekt lodd mellom studentane.