Verdsettelse

ACC421A Verdsettelse

Vår 2025

Høst 2024
  • Innhold

    Emne for ACC421A er fundamental verdivurdering, og byrjar med å presentere eit rammeverk for verdivurdering:

    • strategisk analyse,
    • rekneskapsanalyse,
    • budsjettering og krav,
    • verdsetting, uvisse og
    • bruk av verdiestimatet .

    Litt meir om innhaldet i dei ulike stega i fundamental verdivurdering:

    1) Strategisk analyse inneheld

    • bransjeanalyse
    • ressursanalyse

    2) Rekneskapsanalyse nyttar rapporterte rekneskapstal til å

    • lage « trailing »,
    • omgruppere for analyse,
    • analysere og justere av målefeil , og
    • analysere risiko og superrentabilitet

    3) Framtidsrekneskap og - krav inneheld

    • analyse av vekst ,
    • fastsetting budsjett horisonten og å lage
    • driftsbudsjettet og fri kontantstraum
    • Avkastingskravet til drifta og
    • kapitalstruktur

    4) Fundamental verdsetting og analyse av uvisse

    • Metodar og modellar
    • Alle metodane gjev same verdiestimat etter konvergens
    • Uvisse

    5) Bruk av verdiestimatet

    Oppsummert:

    ACC421A er ein grundig, stegvis gjennomgang av rammeverket for fundamental verdivurdering, og egnar seg spesielt godt for dei som vil skrive masteroppgåve i emnet. ACC421B er eit emne som legg vekt på å presentere beste praksis, samtidig som emnet er godt forankra i teori. ACC421E er ein engelsk versjon.

  • Læringsutbytte

    Som deltaker i ACC421A får emnedeltakarane kunnskap, ferdigheite og generell kompetanse i rekneskapsanalyse og verdivurdering.

    Ved emnets slutt kan deltakarane:

    Kunnskap

    • Gjennomføre strategisk rekneskapsanalyse.
    • Nytte innsikt frå slik analyse til å lage framtidsrekneskap og finne avkastingskrav.
    • Lage eit godt estimat på verdien av verksemda - og synleggjere uvisse i verdiestimatet.

    Ferdigheit

    • Analysere strategiske fordeler, vekst og risiko, både for bransjen og for verksemda relativt til bransjen.
    • Byggje inn i analysen seinaste rekneskapsinformasjon gjennom å lage «trailing» årsrekneskap.
    • Gruppere om rapporterte rekneskapsoppstillingar for investororientert rekneskapsanalyse,
    • analysere og justere for målefeil (forsking og utvikling, marknadsføring og individuell nedskriving).
    • Analysere kredittrisiko og utarbeide syntetisk rating.
    • Finne estimat på historisk avkastingskrav.
    • Analysere superrentabilitet - og kople denne mot innsikt frå analyse av strategisk fordel.
    • Analysere vekst, budsjettere driftsinntekter og vurdere kva som er ein passande budsjetthorisont.
    • Framskrive andre budsjettdrivarar og lage framtidsresultat og -balanse - og finne fri kontantstraum.
    • Finne estimat på framtidskravet og analysere strategisk fordel i framtidsrekneskapen,
    • gjennomføre fundamental verdivurdering både etter eigenkapital- og selskapskapitalmetoden.
    • Gjennomføre verdikonvergens til eitt verdiestimat - og analysere uvissa i dette estimatet.

    Generell kompetanse

    • Gjennomføre rekneskapsanalyse og verdivurdering.
    • Vurdere andre sine verdivurderingar på eit kritisk fagleg grunnlag.
    • Opptre som spesialist i fundamental verdivurdering.

  • Undervisningsopplegg

    Emnet inneheld

    • 18 fagførelesingar i powerpoint med lydfil til kvar plansje,
    • 6 fysiske møte med oppgåve- og casegjennomgang, og
    • 2 vanlege førelesingar (introduksjon og avslutning).

    Praktisk illustrasjon skjer ved hjelp av eit gjennomgangsdøme med tilhøyrande modell i Excel.

  • Anbefalte forkunnskaper

    Det er ein fordel, men ikkje eit krav at du på førehand har teke emner i finansrekneskap (til dømes ACC401N eller ACC401E) og emne i rekneskapsanalyse (ACC420N eller ACC420E).

  • Krav til forkunnskaper

    Ingen spesielle.

  • Overlapping med andre emner

    ACC421A erstattar BUS440A.

    Dette emnet kan ikkje kombineres med andre ACC421 emne eller FIE437.

  • Obligatorisk aktivitet (arbeidskrav)

    Oppmøte på minst 4 av 6 fysiske fagmøte der meininga er å drøfte innhaldet på 20 ppt-førelesingar, og at deltakarane har sett seg grundig inn i fagstoffet til kvar møte.

    Dersom du har godkjent arbeidskrav grå BUS440ABE eller ACC421BE, har du automatisk godkjent arbeidskravet i ACC421A. Men du kan berre ha eit av emna på vitnemålet.

    .

  • Vurderingsordning

    Skriftleg digital skuleeksamen over 4 timar med tilgang til Excel.

  • Vurderingsuttrykk

    A - F.

  • Dataverktøy

    Excel og simuleringstillegget Crystal Ball. Nokre plansjar syner til Python, men det er berre for spesielt interesserte.

  • Litteratur

    Kjernen i pensum er detaljerte førelesingsplansjar i ppt med lyd

    For å få ytterlegare innsikt i praktisk verdivurdering kan du til dømes lese i Koller, T., Goedhart, M. og Vessels, D. "Valuation: Measuring and Managing the Value of Companies", Seinaste utgåve, Wiley.

  • Hjelpemidler til eksamen

    Alle skriftlege hjelpemiddel er tillatt (kategori 3).

    Kalkulator.

    Ei tospråkleg ordbok (kategori 1)

    Alt i henhold til Utfyllende bestemmelser til Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole Kap 4 https://www.nhh.no/for-studenter/forskrifter/https://www.nhh.no/for-studenter/forskrifter/ og informasjonen som er gitt her: https://www.nhh.no/for-studenter/eksamen/hjelpemidler-ved-eksamen/https://www.nhh.no/for-studenter/eksamen/hjelpemidler-ved-eksamen/

Oppsummering

Studiepoeng
7.5
Undervisningsspråk
Norsk
Semester

Vår. Emnet går våren 2025.

Emneansvarlig

Professor Kjell Henry Knivsflå, Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap