Verdsettelse

BUS440A Verdsettelse

Vår 2021

  • Innhold

    Kurset startar med å presentere eit rammeverk for fundamental verdivurdering. Analysen har to hovudsteg, først fundamentalanalyse og dernest verdsetting. Sidan kurset legg opp til ein grundig stegvis prosess for å lage eit godt verdiestimat, så egnar det seg godt for å skrive ei masterutgreiing i emnet. Det vert i kurset også skissert forenklingar i samsvar med beste praksis, til dømes bruk av konstant krav (wacc).

     

    Fundamentalanalyse byggjer på offentleg informasjon, særleg års- og eventuelle kvartalsrapportar. Analysen har to steg: 1) Strategisk analyse, og 2) rekneskapsanalyse, som saman er strategisk rekneskapsanalyse. Strategisk analyse inneheld bransjeanalyse for å finne ut om bransjen har ein felles bransjefordel knytt til rentabilitet, risiko og vekst, og ressursanalyse for å finne ut om verksemda har ein unik selskapsfordel i høve til bransjen.

     

    Rekneskapsanalyse er å bruke rapporterte tal til å lage «trailing», omgruppere for investororientert analyse, analysere og justere for målefeil og til slutt analysere forholdstal for å kartlegge risiko og superrentabilitet, altså rentabilitet utover kravet. Superrentabilitet måler strategisk fordel og vert kopla mot kvalitativ strategisk analyse, dvs steg 1).

     

    Innsikt frå fundamentalanalyse vert så nytta til fundamental verdsetting. Dette skjer i ytterlegare to steg i rammeverket: 3) utarbeiding av framtidsrekneskap og framtidskrav, og 4) fundamental verdsetting og analyse av uvisse. Til slutt kan det fundamentale verdiestimatet nyttast (i eit steg 5)), til dømes til å kjøpe aksjar om verdiestimatet er signifikant større enn børskursen i høve til uvissa i verdiestimat og børskurs.

     

    Framtidsrekneskap startar med å analysere vekst, fastsette horisont og å budsjettere driftsinntekter gjennom å framskrive veksten. Etterpå vert framtidsresultatet og balansen budsjetterte ved å framskrive eit fåtal budsjettdrivarar, mellom desse netto driftsmargin og omløpet til netto driftseigedelar. Etter at krava framover i tid er estimerte, vil strategisk fordel i framtidsrekneskapen verte analysert og kjeldene kopla til strategisk rentabilitetsanalyse i steg 2).

     

    Fundamental verdsetting er å diskontere framtidsrekneskapen til noverdi. Slik verdsetting vert gjennomført både etter eigenkapital- og selskapskapitalmetoden. Innan kvar metode vil fri kontantstraummodellen, superprofittmodellen og superprofittvekstmodellen verte nytta, og vektene bak kravet vert sekvensielt oppdaterte slik at alle metodar og modellar produserer same verdiestimat. Til sist vil uvissa i verdiestimatet verte synleggjort gjennom sensitivitets-, scenario- og simuleringsanalyse i Excel og ved hjelp av Crystal Ball.

     

    Kurset har heimeside:http://course.nhh.no/master/BUS440/

    http://course.nhh.no/master/BUS440/ http://course.nhh.no/master/BUS440/

    Her finn du ytterlegare informasjon om innhaldet.

  • Læringsutbytte

    Gjennom å ta dette kurset vil du som ivrig deltakar få kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse i rekneskapsanalyse og verdivurdering.

     

    Du vil få kunnskapar til å

    • gjennomføre strategisk rekneskapsanalyse av den verksemda som du ynskjer å analysere,
    • nytte innsikt frå slik fundamentalanalyse til å lage framtidsrekneskap og framtidskrav, og
    • lage eit godt estimat på nettoverdien - og å kunne synleggjere uvissa i verdiestimatet.

    Du vil få ferdigheiter til å

    • gjennomføre analyse av strategisk fordel, både bransje- og ressursanalyse,
    • byggje inn i analysen seinaste rekneskapsinformasjon gjennom å kunne lage «trailing» årsrekneskap,
    • omgruppere rapporterte rekneskapsoppstillingar for investororientert rekneskapsanalyse,
    • analysere og justere for visse målefeil (forsking og utvikling, marknadsføring og individuell nedskriving),
    • analysere kredittrisiko og utarbeide syntetisk rating,
    • finne estimat på historisk avkastingskrav,
    • analysere superrentabilitet - og kople mot kvalitativ analyse av strategisk fordel,
    • analysere vekst, budsjettere driftsinntekter og vurdere kva som er ein passande budsjetthorisont,
    • framskrive andre budsjettdrivarar og lage framtidsresultat og framtidsbalanse - og finne fri kontantstraum,
    • finne estimat på framtidskravet og analysere strategisk fordel i framtidsrekneskapen,
    • gjennomføre fundamental verdivurdering både etter eigenkapital- og selskapskapitalmetoden, og
    • gjennomføre verdikonvergens til eitt verdiestimat - og analysere uvissa i dette estimatet.

    Du vil såleis ende opp med generell kompetanse til å kunne

    • gjennomføre rekneskapsanalyse og verdivurdering,
    • vurdere andre sine verdivurderingar på eit kritisk fagleg grunnlag, og
    • opptre som spesialist i fundamental verdivurdering.

  • Undervisningsopplegg

    Kurset inneheld videoar med tilhøyrande plansjar som presenterer teorigrunnlaget for fundamental verdivurdering. Praktisk illustrasjon skjer ved hjelp av eit gjennomgangsdøme med tilhøyrande modell i Excel.

     

    I tillegg inneheld kurset førelesingar som oppsummerer, gjennomgår eksamensrelevante oppgåver - og opnar for fagleg diskusjon. Det kan bli aktuelt å halde førelesingar digitalt, for eksempel dersom koronapandemien gjer ordinære førelesingar umogeleg. 

    Det er mulig å følge emnet digitalt.

  • Anbefalte forkunnskaper

    Det er ein fordel, men ikke eit krav, at du på førehand har teke kurs i finansrekneskap (til dømes BUS402) og kurs i rekneskapsanalyse (BUS424N).

  • Krav til forkunnskaper

    Ingen

  • Overlapping med andre emner

    BUS440A blir ikkje godkjent saman med BUS440B eller BUS440E, då dette også er kurs i verdivurdering, men med ei litt anna vinkling. BUS440A, BUS440B og BUS440E har ulikt pensum og eksamen.

    Det er også full studiepoengreduksjon overfor BUS440/MRR413A.

  • Krav til kursgodkjenning

    Kravet til kursgodkjenning er jamt oppmøte på førelesing - og at du har budd deg gjennom å ha sett deg godt inn i videoane og gjer oppgåvene til kvar førelesing. Kursgodkjenning frå BUS440B eller BUS440E gjev også kursgodkjenning i BUS440A.

     

    Ved gjentak under poststudierett etter Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole § 2-10 gjeld ingen krav til kursgodkjenning.

  • Vurderingsform

    Skriftleg heimeeksamen over 6 timar. 

  • Karakterskala

    A - F.

  • Dataverktøy

    Excel, Crystal Ball og eventuelt Zoom eller tilsvarande programvare.

  • Litteratur

    Kjernen i pensum er detaljerte førelesingsplansjar og videoar, som kan lastast ned frå heimesida til kurset (http://course.nhh.no/master/BUS440/http://course.nhh.no/master/BUS440/).

    For å få ytterlegare innsikt i praktisk verdivurdering kan du til dømes lese i Koller, T., Goedhart, M. og Vessels, D. "Valuation: Measuring and Managing the Value of Companies", 7. utgåve, Wiley.

Oppsummering

Studiepoeng
7.5
Undervisningsspråk
 Norsk
Semester

Vår. Tilbys våren 2021.

Kursansvarlig

Professor Kjell Henry Knivsflå