Arbeidslivet i framtida

FLERE KRAV: – Å ta en utdanning er viktigere enn noen gang, sier makroøkonom og rektor ved NHH, Øystein Thøgersen. Foto: Silje Thalberg
Av Kjell Gunnar Salvanes

23. august 2021 14:35

Arbeidslivet i framtida

Kva slags jobb skal du velje? Og kvifor er ei god utdanning den beste vegen til ein interessant jobb?

Arbeids- og næringslivet er i stadig omstilling. Mange nye jobbar blir skapte kvart år, og omtrent like mange blir lagde ned. Ein viktig skilnad på jobbane som blir lagde ned og dei nye som blir skapte, er at dei nye stiller stadig større krav til kompetanse. Utviklinga fører òg til at det blir færre og færre jobbar igjen til ufaglærte.

For å få tilgang til desse nye jobbane som blir skapte, er utfordringa for ungdom å skaffe seg nødvendig kompetanse. Kompetansen oppnår ein gjennom å ta utdanning, anten ved å skaffe seg ein god fagkompetanse gjennom yrkesutdanning eller ved å starte på høgare utdanning. Sjansen for å få ein jobb du trivst i og synst er interessant, aukar om du vel ei retning du er interessert i. Når ein skal velje utdanning, bør ein bruke fornufta, men òg følge hjartet. 

Bestill lærarrettleiing her

Meir fokus på kompetanse

Arbeidslivet er i kontinuerleg endring. Kunnskap står sentralt, og arbeidslivet får fleire og fleire kompetansearbeidsplassar som krev høgare utdanning. Dette kravet om meir kompetanse ser ein på alle nivå i arbeidslivet. Samstundes er det framleis behov for meir og betre yrkesfagleg kompetanse. Samfunnet treng begge delar.

Det er først og fremst teknologisk endring og større konkurranse frå utlandet som er grunnen til at næringslivet etterspør meir kompetanse. Ny teknologi, som til dømes robotar, erstattar tilsette i rutineoppgåver og effektiviserer prosessane. Dette er godt nytt for produktiviteten, og dermed for grunnlaget for velferdssamfunnet vi har bygd opp.

Spesialistar får meir lønn

Den teknologiske utviklinga gjer at bedriftene treng fleire tilsette som kan installere og programmere robotane til ulike oppgåver. Det blir konkurranse om arbeidstakarane som har denne utdanninga og kompetansen, noko som gjer at arbeidsgjevarane er villige til å betale dei høgare lønn. 

Samstundes blir enklare oppgåver, som til dømes lønnsutbetaling og rekneskapsoppgåver, flagga ut til bedrifter i utlandet som kan gjere jobben billegare. Andre, meir kompliserte oppgåver knytte til det same blir verande i bedrifta og blir enda meir spesialiserte. Igjen er bedriftene villig til å betale meir for tilsette som har denne spesialkompetansen. Liknande endringar skjer på alle nivå i arbeidslivet.

Resultatet av desse endringane er at utdanning blir meir verd for bedriftene, og lønningane går opp for dei som har valt å ta meir utdanning i staden for inga eller kort utdanning. Har du ei utdanning, har du òg lågare sjansar for å bli arbeidslaus.  

Nordmenn tek meir utdanning

Utdanningsnivået blant nordmenn aukar stadig, ifølge SSB sin statistikk Befolkningens utdanningsnivå. Statistikken viser at 35,3 prosent av oss hadde utdanning på universitets- og høgskulenivå i 2020. Om vi delar opp etter kjønn, ser vi at 39,8 prosent av kvinner og 30,8 prosent av menn hadde utdanning på universitets- og høgskulenivå. Sjølv om utdanningsnivået i Noreg har auka, er det ikkje veldig høgt samanlikna med andre land. Blant anna er prosentdelen nordmenn som tek mastergrad, lågare enn gjennomsnittet i OECD-landa.

Andre tema under Folkehelse og livsmestring

Internasjonal trend

I dei fleste land i Vesten som har ein økonomi som liknar på vår, er meir kompetanse eit krav som har blitt viktigare og viktigare i arbeidslivet dei siste tiåra. Omstillingstakta ser heller ikkje ut til å minke. Vi står no overfor det grøne skiftet der ny teknologi skal utviklast, tilpassast og takast i bruk. Nye forretningsmodellar skal utviklast og driftast. Då er det vanskeleg å tenkje seg at yrke som krev kompetanse og høgare utdanning, som til dømes økonomar, blir overflødig med det første.

Mange utdannar seg i håp om å få ein jobb med høgare lønn. Avkastninga blir målt som skilnaden i lønn mellom utdanna og ikkje-utdanna arbeidstakarar. Det er ikkje noko ved utviklinga i arbeidslivet som tydar på at avkastninga på å ta utdanning vil avta, verken når det gjeld yrkesretta eller meir akademisk utdanning.

  • Oppgåve 1: Refleksjon

    Oppgåve 1: Refleksjon

    Sjå føre deg ditt eige liv om ti år. Då har du kanskje teke ei utdanning og fått deg ein jobb. Korleis ønskjer du å ha det i arbeidskvardagen din?

    Tenk gjennom desse punkta:

    • Kva/kva slags felt er du interessert i?
    • Kva slags arbeidsoppgåver kan du tenkje deg?
    • Kvifor meiner du at dette er noko å satse på? Er dette framtidsretta?
    • Er dette noko som passar for deg med tanke på personlegdomen din og eigenskapane dine?
    • Kva slags utdanning treng du for å gjere dette?
    • Er det viktig for deg å få god lønn?
    • Er det viktig for deg å velje ein jobb som gir status?
  • Oppgåve 2: Kompetansearbeidsplassar

    Oppgåve 2: Kompetansearbeidsplassar

    Kompetansearbeidsplassar er dei arbeidsplassane som krev at ein har utdanning. Truleg kjem arbeidsmarknaden til å bli dominert av slike arbeidsplassar i åra som kjem. Svar på spørsmåla åleine eller i grupper.

    a) Søk på nettet eller i andre kjelder og finn artiklar som blei skrivne for om lag 10 år sidan. Kva slags yrke/arbeidsplassar trudde ekspertar/forskarar eller andre på den tida ville verte erstatta  i dag? Har dette skjedd? 

     

    b) Søk på nettet eller i andre kjelder og finn ut kva slags yrke/arbeidsplassar ekspertar/forskarar eller andre trur kjem til å bli erstatta i framtida. Kva trur du? 

     

    c) Bruk SSB sin statistikk om utdanning til å rekne ut kor stor prosentvis auke det  har vore i talet på kvinner og menn som har høgare utdanning i dag kontra i 1980, 1990, 2000 og 2010.

     

    Tips: Du kan filtrere utdanning på  

    • Personar 16 år og over (prosent) 
    • 1980, 1990, 2000, 2010, 2020 
    • 0 Hele landet 
    • Menn, Kvinner 
    • Sum alle aldrar (16 år og oppover) 
    • Universitets- og høgskulenivå, kort OG lang 
    • Trykk på «vis tabell», vel så «visning» og sjå om du finn ein passande måte å vise statistikken på (til dømes kan stolpediagram kanskje vere høveleg). 

    d) Korleis vil du skildre utviklinga i utdanningsnivå i Noreg? Ser du ein samanheng mellom eit endra arbeidsliv/auken i kompetansearbeidsplassar og det du finn i statistikken? Sjå spesielt på skilnaden mellom kvinner og menn. Kva trur du det kan skuldast? 

     

    e) Leit opp same tabellen på nytt, men i staden for å berre velje «0 Hele landet», vel du òg din eigen fylkeskommune. Ser statistikken lik ut som for heile landet, eller er det noko som er annleis? Har du ei forklaring på kvifor den eventuell er annleis?   

  • Oppgåve 3: Framtidsretta val

    Oppgåve 3: Framtidsretta val

    Ifølgje regjeringa si Perspektivmelding 2021, som handlar om utfordringar i norsk økonomi dei neste førti åra og regjeringa sine strategiar for å løyse dei, må opp mot éin av tre jobbe i helse og omsorg i 2060.

    Både i podkasten og i teksten blei du oppmoda om  å bruke fornuft, men  òg om å følgje hjartet når du skal velje utdanning og yrke. Drøft  punkta under i grupper:

    • Om du ikkje veit kva du har lyst til å bli, kan løysinga vere å velje noko innan helse og omsorg for å redusere faren for arbeidsløyse i framtida?
    • Kan du vere trygg på at du får ein sikker jobb om du går for noko innan helse og omsorg?
    • Kva slags andre yrke trur du jobbar tett opp mot personell innan helse og omsorg?
    • I oppgåve 2 såg du på kva slags yrke/arbeidsoppgåver som kanskje vil forsvinne i framtida. Men kva slags yrke/arbeidsoppgåver vil det alltid vere bruk for?
  • Kahoot

    Kahoot

    Etter å ha høyrt podkasten og lest teksten, kva hugser du? Spill Kahoot (bildelenke)!

KOMPETANSEMÅL

  • Samfunnskunnskap

    Samfunnskunnskap

    • utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor
    • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
    • utforske og drøfte korleis næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi formar og påverkar arbeidsliv og lokalsamfunn i Noreg
  • Historie Vg2

    Historie Vg2

    • gjøre rede for hvordan handel og økonomiske systemer har påvirket maktforhold og menneskers liv
  • Historie Vg3

    Historie Vg3

    • reflektere over hvordan teknologiske omveltninger fra den industrielle revolusjonen til i dag har endret menneskers liv og formet forventninger til framtiden
Vi vil gjerne høyre frå deg dersom du har tilbakemeldingar eller innspel til korleis vi kan gjere læringsressursen endå betre. Send oss ein e-post:
verdienavalt@nhh.no