Kva er samfunnsøkonomi?

TENK SOM EN ØKONOM: Hvordan kan du utnytte de 24 timene i døgnet på best mulig måte? Siri Isaksson, samfunnsøkonom og forsker ved NHH, gir deg svaret i podkasten Verdien av alt.
Av Ole-Andreas Elvik Næss

7. desember 2020 15:33

Kva er samfunnsøkonomi?

Samfunnsøkonomisk innsikt er heilt sentralt for å forstå mange av dei største utfordringane i verda i dag.

Svensk-norsk ordliste

nationalekonomi = samfunnsøkonomi

rekommendationer = tilrådingar

sjunkande marginalnytta = fallande marginalnytte. Verdien av ei ekstra eining er lågare jo fleire einingar du har.

plugga = studere

bäste betyg = beste karakter

uppsatsen = oppgåva

lyxbeteende = luksusoppførsel

konsumptionspress = kjøpepress

förlora = tape

Keynesiansk ide = keynesiansk ide, refererar til ideane til samfunnsøkonomen John Maynard Keynes

företag = selskap

Vi lever i ei verd med store skilnadar, der nokre land er rike medan andre land er svært fattige. Vi ser òg aukande ulikskap mellom rike og fattige innbyggjarar internt i mange land, og vi opplever klimaendringar og andre miljøproblem.

Viss ein studerer samfunnsøkonomi, så lærer ein seg metodar og tenkjemåtar som gjer at ein blir god til å løyse desse utfordringane. Samfunnsøkonomar får solid trening i kausal tankegang, det vil seie å sjå samanhengar mellom årsak og verknad. Samstundes lærer samfunnsøkonomar statistiske metodar for å arbeide med store datamengder, og dei lærer å tenkje analytisk og logisk gjennom å setje opp modellar.   

Bestill lærarrettleiing her 

Forskar på fengselstraff, utdanning og vaksinAr

Den samfunnsøkonomiske tenkjemåten og kombinasjonen av undersøkjande og teoretiske ferdigheiter kan brukast til å forske på tradisjonelle økonomiske tema som skatt, omfordeling, renter, prisar og pengar. Dei siste tiåra har samfunnsøkonomi dessutan utvikla seg i mange nye og spennande retningar. Samfunnsøkonomar jobbar no med tema som tidlegare  kom inn under psykologi, sosiologi, filosofi, historie, samfunnsmedisin og statsvitskap.

 

NHH har svært flinke forskarar som arbeider med spørsmål som grensar mot alle desse fagområda. Er det til dømes bra for kriminelle å hamne i fengsel for å unngå å gjere nye straffbare handlingar? Korleis er barn si utdanning og inntekt avhengige av foreldra si inntekt? Kva effekt har eit vaksineprogram? 

 

Gjev svar på store spørsmål

Rettferd er eit anna tema som NHH forskar veldig mykje på, og i eit nytt og spennande prosjekt samanliknar NHH-forskarar synet på rettferd i 60 land rundt omkring i verda. Å studere samfunnsøkonomi er derfor eit godt val dersom ein ønskjer å forstå kva som skjer rundt oss og samstundes lære metodar som set ein i stand til å gje gode og analytiske svar på dei store spørsmåla i samfunnet

 

Men sjølv om  den samfunnsøkonomiske kunnskapen vi har i dag, kan brukast til å svare på mange spørsmål, er det òg naudsynt å utvikle ny kunnskap. Det finst framleis mange uløyste problem innanfor samfunnsøkonomien som vi må løyse for å møte dei store globale utfordringane. Ved å studere og forske på samfunnsøkonomi kan ein vere med på å finne løysingar på desse utfordringane.

Andre tema under Demokrati og medborgerskap

Økonomar har til dømes allereie designa ein CO2-avgift som på ein effektiv måte kan løyse problema knytte til global oppvarming, men denne avgifta er vanskeleg å bruke fordi den som regel er upopulær blant folk. Korleis kan vi klare å gjer ein effektiv CO2-avgift godt likt? Eller er det umogleg å gjere ein CO2-avgift populær, slik at vi må finne ein anna metode for å løyse klimaproblema?

 

SENTRAL I DEN POLITISKE DEBATTEN 

I Noreg har vi òg hatt ein oppheta debatt om formuesskatt dei siste åra. Det skal betalast formuesskatt for formuar over 1.500.000 kroner. Ein av grunnane til at debatten er så oppheta er kanskje at økonomar enno ikkje har klart å gje eit endeleg svar på om formuesskatt er ein god skatt eller ikkje. Framtidig samfunnsøkonomisk forsking vil vonleg gje eit klarare svar.

 

Som formuesskatt-debatten viser, så er mykje av den politiske debatten i Noreg knytt til samfunnsøkonomi.  Ved å studere samfunnsøkonomi tileignar ein seg kunnskap som gjer at ein kan gå inn i slike debattar med fagleg tyngde.  Dei siste åra har det vore intense diskusjonar i den norsk pressa om det er rett  å gje koronastøtte til norske bedrifter og subsidiar til oljenæringa. Det blir diskutert om staten bør berge Norwegian og om vindkraft og oppdrett bør skattleggjast meir.  

Ved å studere samfunnsøkonomi lærer ein at slike debattar ofte blir skoddelagde av aktørar som har eigeninteresser i saka, men at samfunnsøkonomisk kunnskap kan brukast til å gjennomskode desse særinteressene og analysere kva som er best for samfunnet som heilskap.  For det er nettopp det heilskaplege blikket på samfunnet (òg kalla generell likevekts-tenking) som meir enn noko anna kjenneteiknar samfunnsøkonomien. Der andre kan finne ut kva som er best for eksportnæringa, oss forbrukarar eller staten, så vil ein samfunnsøkonom alltid prøve å sjå det overordna biletet og analysere effektane for alle aktørane i samfunnet.

 

  • Oppgåve 1

    Oppgåve 1

    Høyr podkastepisoden og svar på spørsmåla. 

    1. Gje eit døme på ein avgrensa ressurs i livet dit. Kvifor er ressursen avgrensa?
    2. Gje eit døme på ein uavgrensa ressurs i livet ditt. Forklar kvifor ressursen er uavgrensa og kva dette har å seie for korleis du nyttar den. 
    3. Forklar kva avtakande marginalnytte/grensenytte er med eit døme frå ditt eige liv.
    4. Kva er ein transaksjon?
    5. Kva er økonomisk vekst?
    6. Diskuter kva som kan vere positive og negative sider med økonomisk vekst.
  • Kahoot

    Kahoot

    Etter å ha lest teksten og hørt podkastepisoden, hva husker du? Trykk på bildet for å spille Kahoot!

Kompetansemål 

  • Samfunnskunnskap

    Samfunnskunnskap

    • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
    • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig
  • Matematikk

    Matematikk

    1P:

    • tolke og bruke funksjonar i matematisk modellering og problemløysing

    1T: 

    • lese, hente ut og vurdere matematikk i relevante tekstar om ulike tema og presentere relevante berekningar og analysar av resultata
    • utforske og beskrive eigenskapane ved polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar, eksponentialfunksjonar og potensfunksjonar
    • bruke gjennomsnittleg og momentan vekstfart i konkrete døme og gjere greie for den deriverte
Vi vil gjerne høyre frå deg dersom du har tilbakemeldingar eller innspel til korleis vi kan gjere læringsressursen endå betre. Send oss ein e-post:
verdienavalt@nhh.no