Braathen slår til igjen

braathen og landsverk
- Då juryen leste opp grunngjevinga, før vinnaren vart annonsert, var vi sikre på at ein av konkurrentane skulle vinne. Men det tok ein fantastisk vending, seier Christian Braathen (i raud jakke). Partnar i Mycroft, Andreas Landsverk, til høgre. Foto: Aftenposten Event, Ludvig Fjellberg
NHH Av Sigrid Folkestad

18. oktober 2018 18:08

Braathen slår til igjen

Masterstudent Christian Braathen drar inn prisar og pengar som ingen andre gründerar i landet for tida. Onsdag tok han imot 100 000 kr i Innovation Challenge.

– Og vi fekk enorm eksponering i Colosseum i Oslo føre 6-700 menneske, seier Christan Braathen, mannen bak selskapet Mycroft og personellplanleggjaren arbeidsplanen.no. 

Braathen fekk prisen saman med Mycroft-kollega Andreas Landsverk, tidlegare student ved Aarhus University, School of Business and Social Sciences.

Pitchet i finalen

Innovation Challenge er eit samarbeid mellom Aftenposten, Accenture Norge og Telenor Norge, som leiter etter «smarte, unge hovud med gode idear». Den beste ideen - som skal løyse eit samfunnsproblem eller utfordring med teknologi - vert lønna med 100 000 kroner.

Det var tre sterke finalistar som sto på scenen under Aftenposten A−Tech−konferanse onsdag, for å pitche sine idear til publikum og juryen.

Fersk gründer i samtale med store selskap

Etter tre år med arbeid døgnet rundt, lanserer gründer og NHH-student Christian Braathen denne veka vaktplanleggaren arbeidsplanen.no. Han er allereie i samtalar med store selskap.

Totalt 60 selskap har konkurrert gjennom fire rundar. Dei har vore gjennom fasar med søknad, kvartfinale, semifinale og finale. 

– Det har vore ein beinhard konkurranse, spesielt i dei to siste rundane. Då juryen leste opp grunngjevinga, før vinnaren vart annonsert, vi sikre på at LearnLink – ein av konkurrentane – skulle vinne. Men det tok ein fantastisk og uventa vending, seier Braathen.

Sjølv om dei 100 000 kjem fantastisk godt med, seier NHH-studenten, var merksemda like viktig. Braathen og Landsverk (i raudt) fekk ein unik sjanse til å snakka om Mycroft for eit stort publikum.
- Sjølv om dei 100 000 kjem fantastisk godt med, seier NHH-student Braathen, var merksemda like viktig. Braathen og Landsverk (i raude jakker) fekk ein unik sjanse til å snakka om Mycroft for eit stort publikum. Foto: Aftenposten Event, Ludvig Fjellberg

Nye tilbod

Sjølv om dei 100 000 kronene kjem fantastisk godt med, seier NHH-studenten, var merksemda like viktig. Braathen og Landsverk fekk ein unik sjanse til å snakka om Mycroft til dei nærare 700 personene i salen. Også dette gav resultat.

– Etter finalen fekk vi to tilbod om å bli med i inkubatorar, ein generell start up-inkubator, og ein av de fremste maskinlæring- og AI-inkubatorane i Norge.

Dei vart også inviterte til å halde eit foredrag på ei intern konferanse i eit selskap med meir enn 500 tilsette, med tema om korleis ein kan motivere til innovasjon og entreprenørskap internt i ei bedrift.

– Det har vore litt av eit år

Christian Braathen har jobba uhørt mykje. Gründeren har levert masteroppgåve og lansert arbeidsplanen.no. No påskjønner NHH han med Lehmkuhlstipendet.

Betre og betre

– I tillegg ville fleire bedrifter jobbe med oss. Styremedlemmar i nokon av Norges største og fremste retail-selskap og ein direktør for et selskap som jobbar med store deler av kommune-Norge, melde si interesse.

– Det har skjedd mykje i 2018?

– Ja, og det går berre betre og betre. Eg håpar det kan fortsetje når vi går inn i pilotar med to selskap som har til saman cirka 25 000 tilsette. Vi skal levere tenesta full ut, men startar opp med avdelingar i desse selskapa, ikkje heile verksemda med ein gong.

Til neste år er Braathen PhD-student ved NHH.