FØREHANDSGODKJENNING AV BACHELORKURS PÅ UTVEKSLING
Dette skjemaet skal berre nyttast av bachelorstudentar.
- Kurs gjennomført ved ein utanlandsk lærestad i relasjon til eit utvekslingsopphald vil verte innpassa som valfrie eller obligatoriske kurs i bachelorstudiet. Fulltidsbelasting i eit semester tilsvarar 30 studiepoeng.
- Studentar treng ikkje å søkje om ny førehandsgodkjenning for tidligare godkjente kurs sidan desse blir automatisk godkjent for alle (om ikkje tilsvarande kurs allereie er fullført ved NHH). Skjemaet må likevel sendast inn før utvekslingsopphaldet startar.
- Om du berre tek kurs som allereie er godkjent kryssar du av for dette i skjemaet.
- Du finn ei oversikt over tidligare godkjente kurs på Canvas («International opportunities at NHH»).
- Hugs å sjekke at dei kursa du vil ta faktisk vert tilbode ved vertsskulen medan du er der. Nokre av kursa i lista kan vere nedlagt eller ikkje gå i det semesteret du skal på utveksling.
- Det er ikkje mogeleg å søkje om førehandsgodkjenning av nye obligatoriske kurs.
- Studentar kan ikkje ta obligatoriske kurs på utveksling i 6. semester.
- Sakshandsamingstid for førehandsgodkjenning av nye valfrie kurs er om lag tre veker.
- Du kan sende inn skjemaet fleire gonger, til dømes ved endringar.