FØREHANDSGODKJENNING AV BACHELORKURS PÅ UTVEKSLING
Dette skjemaet skal berre nyttast av bachelorstudentar.
- Alle studentar skal søka om førehandsgodkjenning.
- Kurs som du fullfører ved ein utanlandsk lærestad i samband med eit utvekslingsopphald, vil verta innpassa som valfrie eller obligatoriske kurs i bachelorstudiet. Fulltidsbelasting i eit semester tilsvarar 30 studiepoeng. Hugs at det er talet på studiepoeng, ikkje talet på kurs du tek, som tel.
- Du finn ei oversikt over tidligare godkjente kurs på Canvas («International opportunities at NHH»).
- Du må søka sjølv om kursa du tek, er på lista.
- Hugs å sjekka at kursa du tek, inneheld like mange studiepoeng som dei på lista.
- Hugs å sjekka at dei kursa du vil ta, faktisk vert tilbydde ved vertsskulen medan du er der. Nokre av kursa i lista kan vera nedlagde eller ikkje gå i det semesteret du skal på utveksling.
- Det er ikkje mogeleg å søka om førehandsgodkjenning av nye obligatoriske kurs.
- Studentar kan ikkje ta obligatoriske kurs på utveksling i 6. semester.
- Sakshandsamingstida er om lag tre veker.
- Du kan senda inn skjemaet fleire gonger, til dømes ved endringar.