Sommarkurs i Hyderabad

Sommarkurs i Hyderabad

Delta på sommarkurs ved Nordic Centre ved University of Hyderabad og oppnå ettertrakta fyrstehandskunnskap om India.

Nordic Centre er eit felles prosjekt mellom indiske universitet og ei rekke partnerskular i Norden. NHH har moglegheit til å senda to studentar til Nordic Centre sine  sommarkurs. I 2022 vil sommarkurset vera fysisk i Hyderabad.

!

Søknadsfrist: 20. mars 2022

I 2022 tilbyr Nordic Centre eit kurs: Gender and Society in Contemporary India (pdf, 1,40MB). Kurset er retta mot studentar som har liten eller ingen erfaring frå India og har eit arbeidsomfang som tilsvarar 7,5-10 ECTS. Studiepoenga kan ikkje verta innpassa i bachelor- eller mastergradar ved NHH. 

  • Gender and Society in Contemporary India

    Gender and Society in Contemporary India

    Om kurset: Kurset kombinerer ei akademisk og praktisk tilnærming til kjønn og seksualitet i India frå eit feministisk perspektiv.

    Kursdatoar: 18. juli-12. august 2022, i Hyderabad.

    Kven kan søka: masternivå, men studentar i siste semester av bachelorstudiane ved NHH kan òg søka.

    Presentasjon av kurset Gender and Society in Contemporary India (pdf, 1,40MB).

KVA KOSTAR DET?

I 2022 vil sommarkurset kosta omlag 13,500 NOK ink. opphald (enkeltrom), eller 12,500 NOK ink. opphald (delt rom). Mat og dagsturar/utflukter er inkludert, men du må betala flyreise, visa og reiseforsikring sjølv.

KORLEIS SØKER EG?

Din søknad vil vera vurdert på grunnlag av dine karakterar ved NHH, din motivasjon og di erfaring. Du må senda fylgjande dokument til international@nhh.no for å søka:

  • Søknad/motivasjonsbrev
  • CV på engelsk.

Vennleg inkluder fylgjande i tittelen på e-posten: "Søknad sommarkurs Nordic Centre India". Merk at søknadsskjemaet vera levert i Word-format. Søknadsfrist 20. mars 2022.