Kursgodkjenning, trekkfrist og eksamensforsøk

Kursgodkjenning, trekkfrist og eksamensforsøk

Kursgodkjenning er føresetnaden for at du skal få avleggje eksamen. Trekkfristen er siste frist for å trekkje seg frå vurdering utan at det skal telje som forsøk på eksamen.

Du kan berre gjennomføre kursgodkjenning i det semesteret kurset undervisast.

Kursgodkjenning er gyldig i to påfølgjande semester om ikkje anna står i kursbeskrivelsen.

Om kursgodkjenningen ikkje vert godkjent vil du miste retten til å ta eksamen. Du vil få e-post fra oss viss du ikkje har klart kursgodkjenningen. Du har rett til å klage på denne avgjørelsen, og me må ta imot denne klagen skriftlig per e-post.

Trekkfrist

Trekkfristen vert berekna tre veker frå:

  • Ved heimeeksamen som einaste vurderingsform: Tre veker før dato for innlevering.
  • Ved andre skriftlege arbeid som einaste vurdering: Tre veker før dato for innlevering.
  • Ved skriftleg skuleeksamen som einaste vurdering: Tre veker før dato for eksamen.
  • Ved kurs med fleire delvurderingar eller løpande vurdering er trekkfristen tre veker før første dato for innlevering som inngår i vurderinga. Denne datoen gjeld o`g viss det er sett fast at studenten sjølv kan velja kva for eitt arbeid som skal danna grunnlag for karakter.
  • Viss første delvurdering i eit kurs tek til tidlegare enn tre veker etter fristen for oppmelding, vil trekkfristen tidlegast vere 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.

Eksamensforsøk

Du kan gjennomføre vurdering så lenge du har studierett.

Du bruker eitt forsøk når du leverer ein besvarelse. Det vil òg brukast viss du ikkje møter til eksamen, ikkje har trekt deg frå ei vurdering innan trekkfristen, og du ikkje har gyldig fråvær.

Det er den beste karakteren som vil stå som resultat på vitnemålet eller karakterutskrifta, og der du får dårligare karakter etter å ha teke eksamen på ny. Får du same karakter på det andre forsøket ditt, vil første resultat visast.

Tek du eit kurs på nytt må du lese i kursbeskrivelsen om det har skjedd nokre endringar i pensum eller vurderingsform. Du vil bli prøvet etter det pensumet som sist er undervist, og det kan skje endringar i innhald, pensum, vurderingsform og obligatoriske arbeidskrav. I kursbeskrivelsen kan du òg sjå kva semester kurset undervisast.

HVOR MANGE FORSØK HAR JEG?

BACHELOR og master i økonomi og administrasjon

Bachelorstudentar, og studenter på master i økonomi og administrasjon har to forsøk på kvar eksamen.

Skriftlege skuleeksamenar på bachelornivå vert tilbode kvart semester, og munnlege og heimeeksamener kun i same semester kurset undervisast.

På masternivå vert vurdering berre tilbode i det semesteret kurset undervisast.

MASTER i rekneskap og revisjon

Studentar som tar master i rekneskap og revisjon har tre forsøk på eksamen. Treng du å forbetre resultat etter at graden er fullført for å tilfredsstilla kravet til Finanstilsynet, må du søkje om poststudierett/privatiststatus. Når resultatet er forbetra kan du då tinge ny karakterutskrift.

EKSTRA EKSAMENSFORSØK

Du kan søkje om eit ekstra eksamensforsøk. Du vil berre få dette om du ikkje har gyldig resultat.

Søknaden vert handsama av Seksjon for eksamen. Vil du sende dokumentasjon må denne sendast direkte til e-postadressa vår. Sendar du frå din NHH-adresse er sendinga kryptert.

Kriterier for kursgodkjenning er hjemlet i Forskrift om fulltidsstudier § 4-2.

 

Du kan lese om forsøk i Forskrift om fulltidsstudiene § 4-8 Antall forsøk.