Eksamensforsøk, kursgodkjenning og trekkfrist

Eksamensforsøk, kursgodkjenning og trekkfrist

For å ta eksamen må du ha gjenståande eksamensforsøk. I nokre kurs er det i tillegg krav om kursgodkjenning for at du skal få ta eksamen. Om du ikkje skal ta eksamen i eit emne, må du trekke deg innan trekkfristen.

Du brukar eit forsøk når du gjennomførar ein eksamen, om du ikkje møter til eksamen eller leverar blankt, eller dersom du ikkje har trekt deg frå eksamen innan trekkfristen. Om du har nytta alle forsøka dine i eit emne utan å oppnå bestått resultat, kan du søkje om ekstra eksamensforsøk. Søknadsskjema finn du i menyen nedanfor.

I nokre emne kan det vere krav om at du består ei oppgåve, deltar i gruppeøving, fremførar ein presentasjon o.l. for at du skal få adgang til å gjennomføre eksamen i emnet. Du finn informasjon om kursgodkjenning i emnebeskrivinga for kvart enkelt emne.

  • Kor mange eksamensforsøk har eg?

    Kor mange eksamensforsøk har eg?

    Studentar på bachelor- og masterprogrammet i økonomi og administrasjon har to forsøk på å oppnå bestått karakter i kvart emne.

    Studentar på masterprogrammet i rekneskap og revisjon har, som følgje av karakterkrav for statsautorisasjon, tre forsøk i kvart emne. 

    Du brukar eit forsøk når du gjennomførar ein eksamen, om du ikkje møter til eksamen eller leverar blankt, eller dersom du ikkje har trekt deg frå eksamen innan trekkfristen.

  • Ekstra eksamensforsøk

    Ekstra eksamensforsøk

    Du kan søkje om eit ekstra eksamensforsøk. Ekstra eksamensforsøk vil ikkje innvilgast om du har bestått karakter i emnet frå tidlegare.

    Søknadsskjema for ekstra eksamensforsøk

    Eksamensforsøket gjeld heile kurset. Har du i eit semester møtt på den eine vurderingsdelen, men ikkje den andre, har du likevel brukt eit forsøk i emnet som heilhet. 

  • Kursgodkjenning

    Kursgodkjenning

    Du kan berre oppnå kursgodkjenning i det semesteret det er undervisning i kurset.

    Eventuelle krav til kursgodkjenning som vilkår for vurdering skal være klart angitt i kursbeskrivelsen.

    En student som ikkje får kursgodkjenning på angitt måte, har ikkje anledning til å gjennomføre vurdering i kurset.

    Om ikkje anna går fram av kursbeskrivinga, vil ei kursgodkjenning vere gyldig fram til det vert publisert endringar i krava til kursgodkjenning, jf. § 4-5 i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole, NHH.

    Dersom du manglar kursgodkjenning, vil du miste retten til å ta eksamen. Du vil då få e-post frå oss. Du kan svare på denne e-posten dersom du meiner det har skjedd ein feil.

  • Utrekning av trekkfristen

    Utrekning av trekkfristen

    Trekkfristen i kvart emne avheng av vurderingsforma. Fristen vert utrekna slik:

    • Ved heimeeksamen som einaste vurderingsform: Tre veker før dato for innlevering.
    • Ved andre skriftlege arbeid som einaste vurdering: Tre veker før dato for innleveringsfristen.
    • Ved skriftleg skuleeksamen som einaste vurdering: Tre veker før eksamensdatoen.
    • Ved kurs med fleire delvurderingar eller løpande vurdering: tre veker før dato for første innlevering som inngår i vurderinga.
    • Viss første vurdering i eit kurs skjer tidlegare enn oppmeldingsfristen, vil trekkfristen vere 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.
  • Gjentak av eksamen

    Gjentak av eksamen

    Vi tilbyr skriftlege skuleeksamenar på bachelornivå kvart semester, medan munnleg eksamen og heimeeksamenen kun vert tilbode i det semesteret det er undervisning i kurset.

    På masternivå vert vurdering berre tilbode det semesteret det er undervisning i kurset.

    Den beste karakteren vil stå som resultat på vitnemålet eller karakterutskrifta, også der du får dårligare karakter etter gjentak av eksamen. Får du same karakter på det andre forsøket ditt, viser det første resultatet.

    Tek du eit kurs på nytt må du lese i kursbeskrivelsen om det er endringar i pensum eller vurderingsform. Du vil bli testa etter det pensumet som sist er undervist, og det kan skje endringar i innhald, pensum, vurderingsform og obligatoriske arbeidskrav. I kursbeskrivelsen kan du òg sjå i kva semester kurset har undervisning.

Du kan lese meir om eksamensforsøk, kursgodkjenning og gjentakseksamen i forskrifta.