For å kunne ta eksamen i eit emne må du ha eksamensforsøk igjen. I nokre emne er det óg krav om at du har fullført og fått godkjent obligatorisk aktivitet. Dersom du ikkje ønskjer å ta eksamen, må du trekkje deg innan fristen for å unngå å bruke eit forsøk.
Du nyttar eit forsøk når du gjennomførar ein eksamen, om du ikkje møter til eksamen eller leverar blankt, eller dersom du ikkje har trekt deg frå eksamen innan trekkfristen. Om du har nytta alle forsøka dine i eit emne utan å oppnå bestått resultat, kan du søkje om ekstra eksamensforsøk. Søknadsskjema finn du i menyen nedanfor.
I nokre emne kan det vere krav om at du består ei oppgåve, deltek i gruppeøving, fremførar ein presentasjon o.l. for at du skal få høve til å gjennomføre eksamen i emnet. Du finn informasjon om obligatorisk aktivitet i emneskildringa for kvart enkelt emne.
-
Når brukar du eit eksamensforsøk?
Når brukar du eit eksamensforsøk?
Du brukar eit eksamensforsøk når du:
- Møter til eksamen
- Ikkje møter til eksamen utan å ha trekt deg
- Leverer blankt
- Ikkje trekkjer deg før fristen
Eksamensforsøket gjeld heile emnet. Det betyr at dersom du møter til éin vurderingsdel, men ikkje til resten, har du brukt eit forsøk i emnet som heilskap.
-
Kor mange eksamensforsøk har eg?
Kor mange eksamensforsøk har eg?
Studentar ved NHH har som hovudregel to forsøk i kvart emne for å oppnå bestått karakter. Dette gjeld for:
- Bachelorprogrammet i økonomi og administrasjon
- Bachelorprogrammet i Business, Economics and Data Science (BEDS)
- Masterprogrammet i økonomi og administrasjon
Studentar på masterprogrammet i rekneskap og revisjon har derimot tre forsøk per emne, som følgje av karakterkrav knytt til statsautorisasjon.
-
Ekstra eksamensforsøk
Ekstra eksamensforsøk
Dersom du har brukt opp alle eksamensforsøka dine i eit emne utan å ha oppnådd bestått resultat, kan du søkje om eit ekstra eksamensforsøk.
Merk: Du kan ikkje få ekstra forsøk i eit emne du allereie har bestått.
Søknadsskjema for ekstra eksamensforsøk
-
Obligatorisk aktivitet
Obligatorisk aktivitet
I nokre emne må du gjennomføre obligatorisk aktivitet for å få tilgang til eksamen. Det kan til dømes vere krav om:
- Innlevering av oppgåver
- Deltakning i gruppeøvingar
- Munnlege presentasjonar
- Andre faglege aktivitetar
Du kan berre få godkjent obligatorisk aktivitet i det semesteret emnet har undervisning.
Krava til obligatorisk aktivitet finn du i emneskildringa for det enkelte emnet.
Dersom du ikkje har godkjent obligatorisk aktivitet, har du ikkje rett til å ta eksamen. Du vil då få ein e-post frå oss. Dersom du meiner det har skjedd ein feil, kan du svare på e-posten og be om ny vurdering.
Dersom ikkje anna går fram av emneskildringa, gjeld obligatorisk aktivitet fram til det vert publisert endringar i krava (jf. § 4-5 i Forskrift om fulltidsstudia ved NHH).
-
Trekk frå eksamen
Trekk frå eksamen
Dersom du ikkje skal ta eksamen i eit emne du er meldt opp til, må du trekkje deg innan fristen. Dette gjer du i Studentweb.
Dersom du ikkje trekkjer deg innan fristen, vert det rekna som eit brukt eksamensforsøk, sjølv om du ikkje møter til eksamen.
-
Utrekning av trekkfristen
Utrekning av trekkfristen
Trekkfristen i kvart emne avheng av vurderingsforma. Fristen vert utrekna slik:
Vurderingsform |
Trekkfrist |
Heimeeksamen (einaste vurdering) |
3 veker før innlevering |
Anna skriftleg arbeid (einaste vurdering) |
3 veker før innleveringsfrist |
Skriftleg skuleeksamen (einaste vurdering) |
3 veker før eksamensdato |
Fleire delvurderingar / løpande vurdering |
3 veker før første vurderingsaktivitet |
Første vurdering før oppmeldingsfrist |
1. september (haust) / 1. februar (vår) |
Gjentak av eksamen
Treng du ta eksamen på nytt? For detaljar om den nye ordninga for gjentak og korleis du kan melde deg opp, besøk vår informasjonsside om gjentak av eksamen.
Du kan lese meir om eksamensforsøk, obligatorisk aktivitet og gjentakseksamen i forskrifta.