Sidegjeremål

Sidegjeremål

Retningsliner for sidegjeremål for NHH-tilsette.

Noregs handelshøgskole er positivt innstilt til at tilsette er aktive og deler kompetansen sin til nytte for samfunnet, også utover hovudstillinga si ved høgskolen.

Dette føreset at sidegjeremålet ikkje går utover arbeidstilhøvet ved NHH.

Føremålet med retningslinene er å verne om NHHs omdøme, og tilliten og integriteten til den tilsette, ved at det vert lagt opp til åpenheit om moglege interessekonfliktar og handtering av slike. 

Retningslinene om sidegjeremål gjeld for alle medarbeidarar som har NHH som sin hovudarbeidsgjevar, uavhengig av stillingskategori og stillingsbrøk.

Alle sidegjeremål skal som hovudregel meldast til NHH, men det vert gjort ei vurdering av kva sidegjeremål som skal vera med i høgskulens offentlege register.