Rapportar og undersøkingar

Rapportar og undersøkingar

Rapportar som bidreg i arbeidet med utdanningskvaliteten

NHH har ei rekkje faste rapportar som bidreg i arbeidet med utdanningskvaliteten på ulike måtar. Rapportane viser status for utdanningskvaliteten for ulike kvalitetsområde, så vel som analysar og kvalitetsforbetringar. Sjå kapittel 6 i Systemskildringa for ei fullstendig oversikt over rapportar og rapporteringslinjer knytte til kvalitetsarbeidet. 

Her finn du nokre av dei faste rapportane:

 

Årsrapport KD

Årsrapporten er ein årleg tilstandsrapport frå NHH til Kunnskapsdepartementet, og femnar om alle delar av høgskulen si kjerneverksemd.  

Årsrapport for NHH 2025

ARBEIDSMARKNADSUNDERSØKINGA (AMU)

NHH inviterer kvart år alle masterkandidatane til å delta i NHH si arbeidsmarknadsundersøking, om lag seks månader etter at dei er uteksaminert. Vi kartlegg overgangen deira til arbeidsmarknaden og ber dei vurdere studieprogrammet dei har delteke på når det gjeld relevans, styrkar og svakheiter.  

Arbeidsmarknadsundersøkinga 2025

STUDIEBAROMETERET

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som kartlegg studentane sine oppfatningar om kvaliteten i studieprogrammet dei går på. Undersøkinga er retta mot 2. og 5. års studentane på heiltidsstudia.

Studiebarometeret 2025, NHH

Studiebarometeret 2025, Bachelor i økonomi og administrasjon

Studiebarometeret 2025, Bachelor in business, economics and data science

Studiebarometeret 2025, Master i økonomi og administrasjon

Studiebarometeret 2025, Master i reknskap og revisjon

Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT)

SHoT-undersøkinga kartlegg studentane si helse og trivsel i brei forstand og blir gjennomført kvart fjerde år.  

SHoT tilleggsundersøkninga 2021