Honorar for styreverv ved NHH

Honorar for styreverv ved NHH

Det vert betalt honorar for styreverv ved NHH.

Styreleiar har ei årleg grunngodtgjersle på kr 135.700 og får eit honorar på kr 18.500/12.300 per møte over/under fire timar der han/ho deltek.

Styremedlemmer har ei årleg grunngodtgjersle på kr 74.000 og honorar på kr 12.300/8.600 per møte over/under fire timar der dei deltek.

Varamedlemer har inga grunngodtgjersle, men får same honorar som styremedlemer for møte der dei deltek.

Det vert ikkje utbetalt eiga godtgjersle for møte utover den fast oppsette møteplanen for styremøter og styreseminar. Eventuell ekstraordinær kontakt mellom styret på kortare varsel vert rekna som dekka av grunngodtgjersla.

Satsane vart oppdaterte 1. januar 2024.

Dei vert fastsette av Kunnskapsdepartementet etter ei lovendring i desember 2016

Reiseutgifter for eksterne styremedlemmer og studentmedlemmer (eventuelt for varamedlemmer) i samband med møte og spesielle arrangement der dei representerer NHH, vert refundert på grunnlag av kvitteringar til sekretariatet.

Utbetalinga skjer etter kvart semester.