ENGAGE.EU for studentar

ENGAGE.EU for studentar

Studentar har høve til å delta i Engage.EU ved å delta i prosjekt, kurs eller modular. Via Engage kan studentar møta andre studentar frå heile Europa, få fagleg kunnskap, og opna auga for nye perspektiv og kulturar.

ONLINE EXCHANGE INITIATIVE 

SØKNAD ÅPNER 1. JUNI 2023 - SØKNADSFRIST: 1. JULI 2023

Engage Online Exchange gjev studentar ved NHH høve til å ta kurs ved eit eller fleire Engage-universitet digitalt. Du vil få delta i eit virtuelt og internasjonalt klasserom, og få høve til å tileigna  internasjonal kompetanse og nye idear med andre europeiske studentar.

Masterstudentar som ikkje har dratt på utveksling i masterstudiet, eller som vil ta ekstra valfag utanom NHH, kan søkja om å ta fag via Engage. Du kan søkja om å ta kurs ved eit eller fleire universitet innanfor Engage-nettverket samstundes. Du kan få opp til 30 ECTS innpassa i graden din, eller ta valfag ved sida av faga ved NHH. 

Du søkjer direkte til kvar skule før søknadsfristen kvart halvår, og søkjer til Seksjon for internasjonale relasjonar om førehandsgodkjenning av fag på utveksling som vanleg. 

LES MEIR OM ONLINE EXCHANGE INITIATIVE

 

MODULAR

SØKNAD ÅPNER 1. JUNI 2023 - SØKNADSFRIST: 1. JULI 2023

NHH-studentar kan delta i modular ved partnaruniversitet i ENGAGE.EU-alliansen hausten 2022 og våren 2023.

Dei sju universiteta i Engage.EU har utvikla modular på omlag 14-18 studiepoeng på både bachelor- og masternivå. Modulane er tverrfaglege nettkurs og tar sikte på å utvikla kunnskapane, evnene og kompetansane studentar treng for å bidra til samfunnsutvikling i Europa.

LES MEIR OM MODULES

 

ENGAGE.EU EXPEDITION WEEK

  • SØKNADSFRIST: 2. APRIL 2023

    SØKNADSFRIST: 2. APRIL 2023

    SØKNADSFRIST: 2. APRIL 2023

    Er du bachelorstudent på siste år eller masterstudent og ønsker intensiv læring i eit internasjonalt miljø? ENGAGE.EU opnar for søknader til «Expedition Week» - ei vekelang samling i Wien, kor du får jobbe med case frå arbeidslivet saman med studentar frå heile Europa. NHH dekker en del av utgiftene til Expedition-deltakelsen. 

    Expedition Week i Wien, 21-26 May, med tema “Inequalities”: 

    Forskjellane i inntekt og formue har auka mykje dei siste tiåra. Under Expedition week skal studentane jobbe med to utfordringar om dette temaet: utvikle tiltak i bustadsektoren som kan dempa den aukande segregeringa saman med Wien kommune, og utvikle effektive tiltak for å redusera fattigdommen i Wien saman med Caritas (Austerrikes største frivillige organisasjon). 

 

ENGAGE,EU SUMMER SCHOOL

  • SØKNADSFRIST: 15. MARS 2023

    SØKNADSFRIST: 15. MARS 2023

    SØKNADSFRISTEN ER 15. MARS 2023.

    Studentar kan delta i det årlege Engage.EU Summer School. I juli 2023 vil sommarskulen vera ved WU Vienna University of Economics and Business, og temaet vil vera “Transformation to sustainability: challenges and solutions”. Sommarskulen fylgjer eit intenst program med førelesingar av professorar og førelesarar frå leiande europeiske universitet innanfor handel, økonomi og samfunnsfag. Sommarskulen har som mål å gje studentane ny kunnskap og "soft skills" dei kan nytta i graden sin heime. I tillegg til kursarbeid og førelesingar, vil deltakarane ha sjansen til å delta i organiserte dagsturar og utflukter rundt i Wien. Du kan lesa meir om kursa på nettsida.  

     Sommarskulen kostar 100 euro per person, med lunsj og offentlig transport i Wien inkludert i prisen. Ver merksam på at overnatting ikkje er inkludert. Meir informasjon om overnatting.
    Nominerte studentar kan vera kvalifisert til å få økonomisk støtte frå Erasmus.

    Når du er ferdig med sommarskulen, kan du søkja om å få 5 ECTS innpassa i graden din. Frist for å søkja er 15. mars 2023, og du må søkja direkte på ENGAGE.EU si offisielle nettside.  Meir om sommarskulen i brosjyren.

 

Active Community Challenge 

Ver med på ENGAGE.EU sin fyrste sportskonkurranse! Kvart Engage-universitet stiller opp med éit lag. Laga konkurrerer mot kvarandre i basketball, fotball og styrketrening.

Les meir om Active Community Challenge.

Kontakt

E-post
engage.eu@nhh.no

ONLINE EXCHANGE INITIATIVE

Engage.EU gjev studentar høve til å få internasjonal erfaring utan å reisa heimafrå. Studentar kan ta kurs ved eit eller fleire Engage-universitet.

Online Initiative.jpg