Engage for masterstudentar

Engage for masterstudentar

Masterstudentar har høve til å delta i Engage.EU ved å delta i prosjekt, kurs eller modular. Via Engage kan masterstudentar møta andre studentar frå heile Europa, få fagleg kunnskap, og opna auga for nye perspektiv og kulturar.

ONLINE EXCHANGE INITIATIVE 

Engage Online Exchange gjev masterstudentar ved NHH høve til å ta kurs ved eit eller fleire Engage-universitet digitalt. Du vil få delta i eit virtuelt og internasjonalt klasserom, og få høve til å tileigna  internasjonal kompetanse og nye idear med andre europeiske studentar.

Masterstudentar som ikkje har dratt på utveksling i masterstudiet, eller som vil ta ekstra valfag utanom NHH, kan søkja om å ta fag via Engage. Du kan søkja om å ta kurs ved eit eller fleire universitet innanfor Engage-nettverket samstundes. Du kan få opp til 30 ECTS innpassa i graden din, eller ta valfag ved sida av faga ved NHH. 

Du søkjer direkte til kvar skule før søknadsfristen kvart halvår, og søkjer til Seksjon for internasjonale relasjonar om førehandsgodkjenning av fag på utveksling som vanleg. 

LES MEIR OM ONLINE EXCHAnge

INTERNATIONAL SUMMER SCHOOL

Fleire Engage.EU universitet tilbyr i tillegg eigne sommarskular. I 2022 tilbyr WU i Wien kurs i internasjonal handel, med fleire dagsturar og utflukter i Wien inkludert. Frist for å søkja er 31. mars. 

LES MEIR OM INTERNATIONAL SUMMER SCHOOL

Active Community Challenge 

Ver med på Engage sin fyrste sportskonkurranse! Kvart Engage-universitet stiller opp med éit lag. Laga konkurrerer mot kvarandre i basketball, fotball og styrketrening.

Les meir om Active Community Challenge.

ONLINE EXCHANGE INITIATIVE

Engage.EU gjev studentar høve til å få internasjonal erfaring utan å reisa heimafrå. Studentar kan ta kurs ved eit eller fleire Engage-universitet.

Online Initiative.jpg

Kontakt

Telefon
+47 55 95 95 33
E-post
Hilde.Hognaland@nhh.no