Treng krisetiltak som sikrar eit næringsliv for framtida

A mjøs
Sett med perspektivet til Kapitaltilgangsutvalet bør det generelt vera langt lettare å gå for våre forslag no enn då rapporten kom. No er det ingen tvil om at vi treng offensiv politikk, skriv Aksel Mjøs i denne kronikken. Foto: Siv Dolmen
Innlegg

26. mars 2020 01:47

Treng krisetiltak som sikrar eit næringsliv for framtida

Krisetiltaka så langt feilar i møte med innovative, høgrisiko, tidlegfase verksemder. Kraftfulle og kreative tiltak trengs for desse verksemdene, skriv finansforsker Aksel Mjøs i Dagens Næringsliv.

Styresmaktene kjem med ei rekkje kraftfulle tiltak for å bøta på konsekvensane av Covid-19 krisa, og det er venta meir. Det er viktig at desse tiltaka også bidreg til å sikra oss eit framtidsretta næringsliv når krisa og nedstenginga er over.

Kunngjorte tiltak er så langt fokuserte på å bevara arbeidsplassar i eksisterande og stort sett tradisjonelt næringsliv. Dette er verksemder som er lånefinansierte og/eller har eigendelar dei kan pantsetja. Tiltak for slike verksemder er viktige medan krisa står på, men tiltaka feilar i møte med innovative, høgrisiko, tidlegfase verksemder.

Koronaviruset gir et varsko for norsk økonomi

Koronaviruset er en alvorlig trussel mot verdensøkonomien, i hvert fall midlertidig. Men hendelsene nå forteller oss også om Norges langsiktige risiko som oljenasjon, skriver førsteamanuensis II Johannes Mauritzen.

Desse verksemdene kan ha mange års utviklingsarbeid før dei får inntekter, men vil i framtida kan representera dei nye næringane vi skal leva av.

Vi treng langsiktig tiltaksperspektiv slik at vi ikkje mister desse verksemdene. Dei typisk kommersialiserer forsking, arbeider i globale nettverk, og driv systemutvikling med dei aller skarpaste folka.

Slike prosjekt er kjenneteikna ved at dei har høg risiko for å feila. Dessutan er dei særleg sårbare, sidan om dei vert avvikla «midt i spranget», så går team i oppløysing og verdiane i halvferdig utvikling er stort sett tapte.

– Må forvente ustabilitet i fremtiden

– Norge påvirkes av den globale situasjonen, og nå ser vi at koronaviruset øker usikkerheten i markedene, sier NHH-professor Gernot Doppelhofer.

Det er og grunn til å tru at innovative verksemder gjev gode ringverknadar i økonomien, og difor er særleg viktige å ta vare på.

Innovative tidlegfase og vekstselskap har sjeldan pantbare eigendelar eller kontantstraum som gjer at dei kan nytta lånefinansiering. Desse treng støtte og eigenkapital, helst frå kompetente investorar. I Kapitaltilgangsutvalet fokuserte vi på at det er nettopp i denne delen av kapitalmarknaden, dei innovative nye selskapa som treng risikoberande eigenkapital, at kapitaltilgangen er for dårleg. Dette var tilfelle i normale tider, og er eit langt større problem i dagens krise.

Politikerne må være varsomme med pengebruken

Statlig pengebruk som svar på krisen? Ja, og nei. Tiltak som øker etterspørselen i økonomien, kan forsterke knappheten på varer, tjenester og arbeidskraft, skriver førsteamanuensis Torfinn Harding.

Kva kan ein så gjera?

Husk at dette er verksemder som i liten grad har inntekter og difor er avhengige av tilskot og kapital som handterer kostnadar og investeringar. Sjølv i normale marknadar er dette krevjande, no er også tilbodet av privat risikokapital tørka inn. Investorane har allereie utfordringar med det dei er investerte i frå før.

Usikkerhet om marknadar og varighet av «unntakstilstanden» gjer det endå vanskelegare for investorar å gjera gode investeringsanalysar.

Dugnadsånden settes på prøve

Media rapporterer en rekke eksempler på at den norske dugnadsånden blir utfordret. Kongens TV-tale 15. mars var tidsriktig, skriver Tor W. Andreassen.

Det har kome fram mange forslag dei siste dagane, og det er viktig at desse er kraftfulle og kreative, samstundes som ein balanserar pragmatisk mellom allmenne ordningar som kan verta misbrukte og selektive tiltak som kan verta for kompliserte å få gjennom.

Aktuelle tiltak som kan ha rask effekt kan vera, forsøksvis utover det som allereie er forslått:

  • Auka rammer, både på enkeltselskap/prosjekt og samla, på dei tilskotsordningane som fungerar, både frå Innovasjon Norge og Skattefunn.
  • Reduserte krav til eigenandelar ved mottak av støtte og lån frå statlege kjelder.
  • Justert regelverk for offentleg innkjøp. I dag fokuserer dette på pris og leverandørstyrke, ikkje innovasjon og nyskaping. Det offentlege er stor innkjøpar som kjøper minst like mykje i dag som før krisa.
  • Staten har dessutan store inntekter frå meirverdiavgift (på kjøpte varer og tenester), arbeidsgjevaravgift, skatt på løn og anna, slik at ettergjeving eller langvarig utsett betaling kan ha stor effekt. Det er heilt urimeleg at Staten skal ha store inntekter frå verksemder som står på kansten av stupet.

Sett med perspektivet til Kapitaltilgangsutvalet bør det generelt vera langt lettare å gå for våre forslag no enn då rapporten kom. No er det ingen tvil om at vi treng offensiv politikk.

Kronikken var først publisert i DN 25. mars 2020.