Bram Timmermans er blitt professor

Professor Bram Timmermans (t.v.) med rektor Øystein Thøgersen. Foto: Astri Kamsvåg
Professor Bram Timmermans (t.v.) med rektor Øystein Thøgersen. Foto: Astri Kamsvåg
NHH Av Astri Kamsvåg

19. februar 2020 10:42

Bram Timmermans er blitt professor

– Eg sette meg aldri som mål å skulle bli professor. Eg har berre halde på med det eg liker. Dette er ein fantastisk dag for meg, seier Bram Timmermans.

- Å halde på med forsking er utan tvil ein sosial aktivitet. Eit dynamisk miljø, diversitet og tverrfaglegheit blant forskarane eg samarbeider med både på NHH og andre stader, har vore veldig viktig for meg og utviklinga mi, seier Timmermans.

Han har nyleg fått opprykk til professor i organisasjonsteori ved NHH.

Innovasjon og entreprenørskap

Hovudinteressefelta til Timmermans er innanfor områda innovasjon og entreprenørskap, med særleg fokus korleis mobilisering og samansetting av strategisk humankapital påverkar vekst og innovasjonskraft i både nye og etablerte verksemder, industriar og regionar. Gjennomgåande tema i forskinga hans handlar om diversitet og beslekta mangfald i kompetanse.

Timmermans er knytt til Institutt for strategi og leiing og til forskingssenteret Centre for Strategy, Organisation and Performance (STOP) på NHH. Han er òg ein av forskarane som formar kjernen i «Digital Transformation Hub» ved NHH. Innan dette nye forskingsinitiativet vil han primært vere opptatt av forståing av økosystemfenomenet, og særleg rolla som entreprenørskap speler i desse systema.

Første ansettelse kritisk for gründere

Om og hvem man skal ansette er en av de mest kritiske avgjørelsene en gründer må ta.

Høg forskingskvalitet og framifrå siteringar

Vurderinga til bedømmingskomiteen er basert på ti forskingsartiklar publiserte i velrenommerte internasjonale tidsskrift.

«Vi synst at forskingskvalitet er den sterkaste komponenten i søknaden til Timmermans. Kvaliteten på forskinga hans er utan tvil langt utover kriteriet for å kvalifisere til professor», slår komiteen fast.

Forskinga hans er mykje sitert og kronikkane og avisartiklane viser evna hans til å formidle forskinga si til eit breiare publikum, kommenterer komiteen.

Bedømmingskomiteen:

  • Professor Gry Agnete Alsos, Nord universitet
  • Professor Trond Randøy, NTNU og Universitetet i Agder
  • Professor Siri Terjesen, Florida Atlantic University og NHH

Bakgrunn

Før Bram Timmermans tiltrådte som førsteamanuensis på NHH, arbeidde han som seniorforskar i instituttsektoren i Noreg, på Agderforsknings utviklingsavdeling, og som førsteamanuensis i innovasjonsstudiar ved Aalborg universitet.

Han har doktograd i økonomi og innovasjon frå Aalborgs universitet og mastergrad i innovasjon, kunnskap og økonomisk dynamikk frå same universitet (2007). Han har òg mastergrad i Økonomisk geografi frå Universitetet i Utrecht (2004).

Oljeindustrien tømte markedet for talent

– Det kan se ut som om norsk olje- og gassindustri har tømt relaterte industrier for talent. Samtidig som de har presset på lønningene deres, sier NHH-forsker Bram Timmermans.