Nærmare 400 elevar deltok på Åpen dag

ÅPEN DAG: NHH-studentane Inger-Andrea Østby og Morten Løvaas fortalde om livet som NHH-student til nærmare 400 vgs-elevar. 100 av desse kom frå andre delar av landet enn Bergensområdet. Foto: Silje Katrine Robinson
NHH Av Ingrid Aarseth Johannessen

10. februar 2020 16:09

Nærmare 400 elevar deltok på Åpen dag

– Det har vore veldig kjekt i dag og eg har lært mykje om NHH. Som siviløkonom kan ein jobbe med nesten kva som helst, seier elev Karoline Bjørndal.

Åpen dag

  • Åpen dag er eit samarbeid mellom åtte utdanningsinstitusjonar og Utdanning i Bergen.
  • Formålet er å gi elevane ein smakebit på ulike utdanningar og korleis det er å vere student i Bergen.
  • Var fra 8. til 10. februar 2020. 

Laurdag 8. februar og måndag 10. februar inviterte NHH til Åpen dag for vidaregåande elevar over heile landet.

Nærmare 400 elevar tok turen innom NHH. 100 av desse kom frå andre delar av landet enn Bergensområdet, og fekk reisestipend for å delta.

Se video fra Åpen dag

Vurderer økonomiutdanning

To av dei som besøkte NHH, var Karoline Bjørndal (18) og Anne Revold (18), frå Knarvik vidaregåande skule og Amalie Skram videregående skole. Dei fortalde at dei ikkje har bestemt seg enda for kva dei ønskjer å studere, men at dei vurderer NHH.

– Det har vore veldig kjekt i dag og eg har lært mykje om NHH. Som siviløkonom kan ein jobbe med nesten kva som helst og bruke utdanninga til mykje, sa Bjørndal.

Bjørndal tar no realfag på vidaregåande, og vurderer å bli siviløkonom eller sivilingeniør. Veninna hennar, Anne Revold, trur ho enten vil studere ved NHH eller ta rettsvitskap.   

Siviløkonomutdanninga ved NHH består av ein treårig bachelor og ein toårig master i økonomi og administrasjon. Masterutdanninga er rangert som den fremste i Noreg av Financial Times.  

Les også: 

NHH på jakt etter de beste hodene i landet

I vinter er syv NHH-studenter på turné for å besøke over 240 videregående skoler. De gleder seg til å fortelle om studielivet i Bergen og gi råd om høyere utdanning.
Karoline Bjørndal og Anne Revold,
Veninnene Anne Revold (18) og Karoline Bjørndal (18) frå Amalie Skram videregående skole og Knarvik vidaregåande skule vurderer begge å studere ved NHH. Foto: Sile Katrine Robinson

– Verkar som ein triveleg skule

Den siste arbeidsmarknadsundersøkinga viser at over 98 prosent av NHH-studentane har relevant jobb kort tid etter at dei er ferdig med mastergraden. Som NHH-student kan ein jobbe i alle bransjar og i mange typar jobbar.

Thomas Nguyen (18) og Hsa Dee (19) frå St. Paul Gymnas og Langhaugen videregående skole, fekk eit godt inntrykk av NHH på Åpen dag. Dei held òg moglegheitene opne for kva dei skal studere.  

– Eg veit ikkje enda, men etter i dag har eg fått ei større interesse for NHH og økonomifaget. NHH verkar som ein veldig triveleg skule. Vi har fått god informasjon om dei ulike retningane ein kan ta som student her, sa Nguyen.

Thomas Nguyen og Hsa Dee
Thomas Nguyen (18) og Hsa Dee (19) frå St. Paul Gymnas og Langhaugen videregående skole besøkte NHH på Åpen dag. Foto: Sile Katrine Robinson

Mange jobbmoglegheiter

Som bachelorstudent kan ein velje blant 40 ulike valfag, og som masterstudent kan ein velje blant ni hovudprofilar - frå finans, samfunns- og bedriftsøkonomi, til energi og miljø, leiing, innovasjon og marknadsføring.

På Åpen dag fekk elevane omvising på NHH, og god tid til å snakke og stille spørsmål til noverande studentar. Det var fleire foredrag, blant anna om framtidas økonomar, kva tillit betyr for samfunnsutviklinga og berekraftig business.

Trainee i Schibsted og tidlegare NHH-student, Margit Abel Grape, snakka om alle jobbmoglegheitene ein har med ei utdanning frå NHH.

Les også: 

Internasjonal erfaring gir store muligheter

Tidligere NHH-student flyttet til den andre siden av jorden for jobb i Telenor Myanmar. Hun mener de internasjonale mulighetene hun fikk på NHH har vært avgjørende for hvor hun er i dag.