NHHs Studentombod: Kva er godt nok for deg?

Av Sigbjørn Råsberg

18. november 2016 12:22

(oppdatert: 24. november 2016 12:38)

NHHs Studentombod: Kva er godt nok for deg?

Studvest har i fleire artiklar denne veka peika på karakterpresset som ein del studentar på NHH opplever. Når me no går inn i ein ny eksamensperiode veit eg at det er mange som kjenner på forventingar frå seg sjølv og andre.

Om studentombodet

Studentombodet er uavhengig resten av NHH og skal utelukkande ta vare på studentane sine interesser. Ombodet kan hjelpa deg i saker som gjeld studiesituasjonen. Typisk kan dette vera viss du er mistenkt for juks, har blitt nekta utviding av studieretten etc. Ombodet har teieplikt både internt og eksternt. Møte med studentombudet kan avtalast på e-post eller telefon.

Eg vil difor gje ros til NHHS for å adressera denne problemstillinga. Dette gjeld diverre fleire enn eg trur mange er klar over.

Noko press og nervøsitet er ein naturleg del av studiekvardagen – særleg når eksamen nærmar seg. Som studentombod på NHH møter eg likevel altfor mange studentar som opplever dette presset som så tyngjande at det går utover kvardagen og i verste fall helsa. Mange har ei feilaktig oppfatning av kva som skal til for å få seg jobb og kva som er ein eit gjennomsnittleg resultat. Omgrepet «kantinesnitt» er etter kvart velkjend og må nok ta skulda for mykje av presset.

Eg ynskjer difor å presentera følgjande nøkkeltal:

  • Snittkarakteren på NHH er C
  • 76 % av NHH-studentane får jobb før dei er ferdige
  • 93 % av kandidatane frå NHH er i relevant jobb og at berre 1 % er utan arbeid

Dette viser at du som uteksaminert frå NHH er særs attraktiv på arbeidsmarknaden, nesten uavhengig av kva karakterar du har. Det er eit flust av arbeidsgjevarar som søkjer ein NHH-kandidat – ikkje berre dei som tek seg råd til å arrangera bed.pressar i Ytre Sandviken.

NHH er heldig som har høge søkjartal og kan velja mellom dei klokaste hovuda. Alle som kjem inn på NHH er du vane med å vera blant dei beste i si klasse. Det er du framleis sjølv om du ikkje berre får A og B på eksamen. Snittkarakteren er som sagt C og utifrå normalfordeling skal størsteparten av studentane få nettopp C. Basert på dette kan ein vanskeleg konkludera med at det berre er A og B som er til å leva med. Det å vera gjennomsnittleg blant dei kjappaste hovuda i landet er bra!

Eg vil difor slå eit slag for «godt nok»-standarden. Det er du som avgjer kva du er nøgd med, og det er ikkje grunn til å slita seg ut for å nå noko som overgår det som er godt nok for deg.

For å seia det på ein annan måte: Som student er du ein sjølvstendig næringsdrivande som skal produsera kunnskap og studiepoeng. Det å vera gründer og forretningsmann er krevjande. Det er mykje ein må halda styr på og stundom må ein prioritera vekk éin ting fordi noko anna er enno viktigare. Her er nokre av desse faktorane som er ekstra viktige:

  • Som arbeidsgjevar må du handsama dei tilsette (deg sjølv) godt slik at dei ikkje forlet bedrifta di. Finn ein god balanse slik at dei ikkje blir overarbeidde, men samstundes får nok utfordringar til at jobben er interessant og at dei får realisert seg sjølve.
  • Det kan vera lurt å inngå samarbeid med andre bedrifter som du kan lære av (kollokvium), men sørg for at du ikkje får Konkurransetilsynet (eksamensvakter) på nakken. Du må òg vera obs på industrispionasje og passa på at ikkje andre får hand om patenta dine, eller at du krenkjer patenta til andre (plagiatkontroll).
  • Du må gjennomføra medarbeidarsamtalar (snakk om medgang og motgang med andre) og sosiale arrangement som julebord og sommarfest.
  • Ha ein god avtale med eit selskap som tilbyr bedriftshelseteneste (SiB ei framifrå rådgjevingsteneste og psykologar som er spesialiserte på studiekvardagen).
  • Det kan vera nyttig å samanlikna sine arbeidsmetodar med andre i marknaden, men pass på at benchmarkinga er basert på reelle tal. Hald deg difor til børsmeldingar og revisjonsrapportar og styr unna lause rykte om nye kontraktar og kundar.

Det er viktig å vera snill mot seg sjølv. Ikkje still urealistiske krav, finn din veg og hugs at du ikkje berre blir målt utifrå kva som skjer på eksamen. Det å vera eit bra menneske er vel så viktig som kva du presterer i løpet av nokre timar på ein pult i Aulaen.

 Livet er for kort til å bli sjuk av eksamensstress og karakterjag. Eg oppmodar alle til å finna ein god balanse mellom studie og fritid. Ta ei pause når du er sliten og snakka med nokon viss du opplever motgang. Ein god medisin mot eksamensstress er å ta ei pause frå lesinga, vera med andre, sjå ein film, eta ein god middag eller gå ein tur i fjellet. Gjer dette til din styrke i studiekvardagen og sjå at skuldrane går ned og humøret opp. Det er lov å kosa seg sjølv om eksamen nærmar seg.

Så mykje til lukke på eksamen!

Sigbjørn Råsberg var studentombod ved NHH frå 2016 til juni 2020.