Helsing frå rektor og ordførar
Helsing til nye NHH-studentar frå rektor Øystein Thøgersen og ordførar i Bergen, Rune Bakervik

Kjære nye NHH-student,
Me er svært glade for å kunne ønskje deg velkomen til Noregs handelshøgskole! Du er i ferd med å ta fatt på ein særdeles spanande periode i livet. Me vil gjere vårt beste for å gi deg ei positiv og lærerik studietid som du vil tenkje tilbake på med mange gode minne resten av livet. NHH er ein spesiell skule med mykje karakter, stort fagleg og sosialt engasjement, lange tradisjonar og eit solid akademisk miljø. Me gler oss til at du også vert ein del av NHH-familien.
På desse nettsidene har me samla ein del informasjon som kan vere nyttig for deg fram mot studiestart. Her får du blant anna svar på kva du bør gjere ved semesterstart og kven du kan ta kontakt med dersom det er noko du lurer på eller treng hjelp til. Det er viktig at du også studerer andre informasjonskjelder om studia og studentlivet ved NHH. Sjå særleg nettsida vår nystudent, der du til ei kvar tid vil finne fyldig og oppdatert informasjon om både studierelaterte forhold, rettleiing, studentlivet i Bergen generelt.
Me held på med å sluttføre programmet for velkomstveka dykkar i august. Dei siste par åra har me gjort ein del spanande endringar i velkomstveka for å skape ei trygg ramme rundt studiestarten, med fag og det å verte kjend med andre studentar i sentrum. Som før vil me leggje opp til faglege utfordringar og gode diskusjonar knytt til case-arbeid i grupper og ulike informasjonsmøter, kombinert med ei rekkje sosiale arrangement i regi av studentforeininga.
Me ønskjer deg hjarteleg velkomen til NHH, og ser fram til ei spanande og lærerik tid saman med deg.
Beste helsing
Øystein Thøgersen
Rektor

Kjære nye studenter,
Velkommen til Bergen!
Bergen er en fantastisk studieby der en får nye impulser, både på, og utenfor campus. Byen vår har et pulserende kulturliv og her finnes det noe for enhver smak. I tillegg har Bergen og NHH en rekke studentorganisasjoner der en kan bidra til egen og andres trivsel.
Bergen er også en internasjonal by. Helt siden grunnleggelsen av Bergen i 1070 har Bergen vendt seg ut mot verden for samarbeid og inspirasjon. Den tradisjon viderefører NHH i dag gjennom å være best på utveksling. En tradisjon jeg håper dere som nye studenter også bidrar til.
Gratulerer med studieplass hos landets mest populære studieprogram, og ikke minst, gratulerer med en studieplass i landets beste by!
Beste hilsen,
Rune Bakervik
Ordfører i Bergen