NHH Bontelabo

NHH Bontelabo

På Bontelabo finn du 150 – snart 200 – studiearbeidsplassar for studentar frå 3. oktober.

Lokalet ligg i Bergen sentrum, eit lite steinkast nord for Bryggen og Håkonshallen.

På NHH Bontelabo er det studiearbeidsplassar, lesesalar, grupperom og sosial sone med kjøkkenutstyr.

NHH Bontelabo busstopp fra sentrum.  Foto Ingunn Gjærde
Busstopp viss du kjem til Bontelabo frå sentrum. Foto: Ingunn Gjærde
Busstopp hvis du kommer til Bontelabo fra NHH. Foto: Ingunn Gjærde
Busstopp viss du kjem til Bontelabo frå NHH. Foto: Ingunn Gjærde
NHH Bontelabo sett frå nord. Foto: Ingunn Gjærde
NHH Bontelabo sett frå kaien. Foto: Ingunn Gjærde

Reise til NHH Bontelabo

Buss: Gå av på busstoppet Bontelabo.

Sykkel: Det er to bysykkelparkeringar like ved inngangen til NHH Bontelabo.

Inngangen

Adressa er Bontelabo 8, inngang B.

Inngangen er på kai-sida av bygget, på same side som Storcash og Urban Zoo Bergen AS.

Lokalet ligg i 2. etasje. NHH-studentar har tilgang til ytterdør og lokalet inne med same nøkkelbrikke som på campus.

NHH Bontelabo

Velkommen til NHH Bontelabo!

Tilbakemelding

Er det noko som ikkje virkar som det skal? Send e-post til teknisk@nhh.no. Her kan du også sende forslag til forbetringar av arealet.

OPNINGSTID

  • Måndag – fredag kl. 08.00–19.00
  • Laurdag og søndag kl. 08.00–17.00 

Kantina på Bontelabo (sjå kart):

  • Måndag – fredag kl. 10.00–14.00