Lehmkuhlstipendet

Lehmkuhlstipendet

Lehmkuhlstipendet vert delt ut til NHH-studentar eller nyleg uteksaminerte kandidatar som viser særlege evner som kan fremje norsk næringsliv innan fagområda innovasjon og entreprenørskap.

Kristofer Lehmkuhl-statuen ved NHH. Foto: Hallvard Lyssand
Kristofer Lehmkuhl-statuen ved NHH. Foto: Hallvard Lyssand

Kristofer Lehmkuhls Fond for Fremme av Norsk Næringsliv blei oppretta 1. mai 1920. Fondet sitt formål er å fremje norsk næringsliv «derunder også landbruk, skogbruk og fiskeri».

Fondet deler ut stipend til NHH-studentar eller nyleg uteksaminerte kandidatar som viser særlege evner som kan fremme norsk næringsliv innan fagområda innovasjon og entreprenørskap.

Formålet er å gi ei påskjønning til studentar som gjer ein særskilt innsats på eit felt av praktisk betydning i ein næringslivssamanheng.

Frist for å nominera kandidatar er 31. august kvart år.

Kriterium for tildeling

Lehmkuhlstipendet skal som hovudregel være knytt til ei masteroppgåve innan innovasjon eller entreprenørskap.

Masteroppgåva skal enten være knytt til nye produkt/tenester eller til nye forretningsmodellar, skal direkte eller indirekte bidra til nyskaping og ha høg fagleg kvalitet.

Masteroppgåver levert haustsemesteret året før eller vårsemesteret same år som NHH deler ut stipendet, kan bli nominert.

Forretningsidear lansert på andre måtar enn i masteroppgåver, kan også bli nominert. Det er ikkje eit krav at ideane som blir lansert, skal setjast/er sett ut i livet.

Fagstab ved NHH nominerer kandidatar til stipendet. Tilsette som føreles eller rettleiar studentar innanfor innovasjon og entreprenørskap, skal spesielt oppmodast til å nominere kandidatar.

Ein komité oppretta av NHH og styret av Lehmkuhlfondet vurderer dei nominerte og kårar vinnarane.

Utgangspunktet er at komiteen deler ut eitt stipend kvart år. Stipendet må likevel ikkje delast ut kvart år. Komiteen vurderer frå år til år om stipendet skal delast ut. Til grunn for vurderinga ligg mellom anna kor mange som er nominert og kvaliteten på dei nominerte.

Stipendet er på kr 25.000.

Komiteen kan løyve eit tilleggsbeløp til idear som er så lovande og gjennomarbeidde at dei bør bli kommersialisert omgåande. Vilkåret er at kandidaten sjølv bidrar til dette. Eit eventuelt slikt tilleggsbeløp skal være eit bidrag til startkapital.

Namna til vinnarane blir kunngjort og dei får overrekt diplom og stipend i slutten av september, på den årlege Lehmkuhlkonferansen som markerer bursdagen til Kristofer Lehmkuhl 25. september.