Justerande munnleg på masteroppgåva

Justerande munnleg på masteroppgåva

Frå og med 1. januar 2027 vert det innført justerande munnleg på masteroppgåver. Ny innleveringsfrist for masteroppgåva er 15. mai 2027.

Omfattande tilgang til KI-verktøy har skapt behov for justerande munnleg ved masteroppgåver for å sikre ei påliteleg vurdering av studentens kompetanse.

Prorektor for utdanning har vedteke at det skal innførast justerande munnleg på masterutgreiinga ved NHH for alle oppgåver som blir leverte frå og med våren 2027. 

Innleveringsfrist våren 2027 er 15. mai 2027.

Dette blir gjennomført slik:

  • To sensorar sensurerer den skriftlege oppgåva og set karakter. Studentane får opplyst karakteren før justerande munnleg. Ved karakteren F blir det ikkje gjennomført munnleg.
  • Studenten (studentane) forsvarer oppgåva overfor dei to sensorane. Justerande munnleg varer i inntil 30 minutt. 
  • Den munnlege prestasjonen kan justere karakteren både opp og ned, utan avgrensing i talet på karaktertrinn. Studentar som har skrive saman, kan få ulike sluttkarakterar. 
  • Karakteren på den skriftlege oppgåva kan klagast på, medan den munnlege delen ikkje kan påklagast. Dersom karakteren på den skriftlege delen blir endra etter klage, blir det gjennomført ny munnleg for å fastsetje endeleg karakter. 
  • Endeleg karakter (oppgåva og den justerande munnlege prøva) skal vere klar innan utløpet av sensurfristen på 30 verkedagar, rekna frå innleveringsfristen. 

Meir detaljert informasjon vil vere tilgjengeleg i løpet av november.