Grupperom

Grupperom

På denne sida kan du reservere tid i grupperomma på campus. Grupperomma er utelukkande meint for studieaktivitetar i grupper, og må alltid reserverast på førehand i TimeEdit.

Slik reserverer du grupperom:

  • Gå til bookingsystemet TimeEdit
  • Logg inn med brukarkontoen din via Feide
  • Du kan reservere rom inntil 14 dagar fram i tid

BOOKING AV GRUPPEROM

  • Reglar for bruk av grupperom

    Reglar for bruk av grupperom

    • Grupperom skal berre brukast til studieaktivitet i grupper
    • Kvar student kan booke inntil fire økter per veke
    • Kvar booking kan vare i maksimalt fire timar
    • Møter du ikkje opp innan 15 minutt etter starttid, kan rommet takast i bruk av andre
    • Avbestill rommet dersom du ikkje får brukt det
    • Rydd etter deg før du forlet rommet
  • Tilgjengelege rom og kapasitet

    Tilgjengelege rom og kapasitet

    • Grupperomma U01 - U32 og 101-107 er tilgjengelege for studentar
    • Kvart rom har plass til mellom 4-6 personar

Vis omsyn til andre studentar, del på ressursane, avbestill i tide, og hjelp oss å halde romma trivelege og ryddige.